Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Wow!
For ei som er så ung at ho ikkje hadde besøkt Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar før dyra flytta ut i 2013, er kvalsalen eit imponerande syn.
Og det er han jo for andre òg. Eit nesten heilt tomt rom, men med dei gigantiske skjeletta hengande i taket. Og midt i: Brugda. Den svære haien som kan verta nærare ti meter lang flytta aldri ut.
– Då måtte ein ha saga han i to, seier Anders Kjetland.
Han er prosjektkoordinator for utstillingsprosjektet ved Universitetsmuseet. 6. august overtek UiB bygget frå Statsbygg. Då har det vorte mala og flikka og renovert og bygd om i fleire år. I juni 2019 er planen at dørene opnar for publikum.
Men ein har eitt høve til å sjå korleis museet har vorte før den tid. 18. august vert det arrangert «Tomt museum».
– Me ønskjer å visa korleis huset har vorte – som bygning, altså før utstillingsromma vert bygd opp att, seier museumsdirektør Henrik von Achen.
På Høyden fekk koma inn før alle andre. Og berre så det er sagt med ein gong: 7-åringen som svinsar rundt saman med fotografen, og med journalisten og Anders Kjetland på slep, er dotter til mor si.
– Saka kan heita «Eventyret om den vesle jenta og museet», føreslår ho.
Kanskje er ikkje det så dumt. På ein heilt annan måte enn når bygget er fylt av gjenstandar og utstillingar oppdagar ein dimensjonane. Og kvalitetane. På Høyden har tidlegare skrive om korleis konservatorane har arbeidd seg gjennom lag på lag for å finna dei fargane som vart nytta då midtbygget var nytt i 1865. No har nokre rom fått grønaktige vegger, andre går meir mot det gule. Og fleire stader er det felt på veggen som viser dei ulike malingslaga. Dei skal få vera.
– Me ønskjer å visa fram det storslagne med bygget. Det vert nok ei litt spesiell stemning her, i eit tomt museum, seier Kjetland.
– Ein vil kjenna seg att på mange måtar, meiner von Achen.
Men alt det gamle kjem ikkje til å koma attende. Slik må det verta dersom ein vil seia noko oppdatert, seier direktøren.
Den største endringa kjem i kjellaren. Her har det vorte laga skulelaboratorium. I tillegg har alt av ventilasjon vorte kraftig oppdatert. I eit av kjellarromma er det svære røyr så langt auga kan sjå.
Bygget er freda. Men samstundes skal ein kunne ha moderne drift der. Ein jobbar i skjeringspunktet mellom vern og behov, har Statsbygg sin sjefsarkitekt Astrid Opsal tidlegare sagt til På Høyden.
Det er i midtfløyen av bygget ein har fått gjera minst. Kvalsalen med utstilingsmontrar er freda. Det betyr at nokre av montrane som står langs veggane må vera der i framtida òg. Andre kan ein flytta på, men ikkje flytta vekk.
– Elefanten kjem attende, og truleg nokre løver, seier Kjetland.
I trapperommet kjem det som kjent ein heil flokk fuglar. No er vindauga frå kvalsalen mot trapperommet opna, slik at ein får lys heilt gjennom bygget.
– Det var nok slik at dåverande Bergens museum hadde god tilgang på kvalskjelett, på grunn av kvalfangsten. Desse kunne ein byta med andre museum i Europa og få for oss meir eksotiske dyr attende, seier Kjetland.
Og dei gamle museumstilsette visste kva dei gjorde. Eit eksemplar av den no utdøydde atlasløva var så godt stoppa ut at museet fekk pris under ei verdsutstilling tidleg på 1900-talet.
Det vert utstilling med insekt, med edderkoppar og pollen og bein. Dei siste viser dei små fragmenta som kan seia oss noko om plante- og dyreliv langt, langt tilbake.
– Det nyfikne mennesket, seier von Achen.
Det er det som er målgruppa. Museumsdirektøren er oppteken av å ikkje laga utstillingar som berre interesser kollegaer, her skal det òg vera noko for barnefamiliar, for skuleverket og for studentane.
– Me skal ikkje vera i underhaldningsbransjen – men me skal vera underhaldande, seier von Achen.
– Skatten er bak døra. Skatten er trappa, seier 7-åringen.
Me ser opp mot tårnsalen. Den har ikkje vore open for publikum på lenge, lenge. Trappa svingar seg heilt frå vestibylen og opp hit.
– Ikkje gå heilt ut på taket, seier Kjetland lett formanande når fotografen og den vesle jenta klatrar opp på galleriet.
I vestibylen har frisen langs taket fått attende fargen han ein gong hadde. Her har konservatorane jobba centimeter for centimeter med reinsing.
I sørfløyen ligg som kjent aulaen og kafeen. Nærliggande rom skal etter planen mellom anna kunne brukast til mindre kurs og samlingar, men det vil òg verta utstillingar her.
I nordfløyen er det kome på plass ein utstillingsheis, der gjenstandane går opp og ned. I ein av etasjane vert det meir skiftande utstillingar. Den første handlar om sjølve museet, om huset og historia. I denne delen av museet vil det òg koma butikk og mellom anna ei utstilling av gamle og nye globusar.
– Eit museum som dette vil vera ei blanding av skjøre objekt i monter og ting ein kan ta og kjenna på. Me ønskjer å appellera til fleire sansar, seier Kjetland.
– Her kjem djuphavet. Her skal det vera mørkt, seier Kjetland.
ROV-en Ægir skal faktisk henta utstillingsmateriale i sommar, langs den midtatlantiske ryggen. Her finst det materiale som kan seia noko om livet si opprinning.
Det er mange kvadratmeter å gå gjennom i eit stort museumsbygg. Journalisten er utstyrt med null retningssans, og anar ikkje kvar me er. Til slutt må Kjetland òg innrømma at han er litt på gyngande grunn.
– Eg kjenner bygget godt no, og frå august skal eg ha kontor her. Men nede i kjellaren er det ein labyrint, seier han når me prøver å finna vegen ut.
I staden finn me eit av dei to kunnskapshola. Det er rett og slett eit hol som bind skulelaboratoriet i kjellaren saman med utstillingane i etasjen over. Sikra med eit heildekkande rekkverk i glas, slik at ingen nyfikne skal ramla ned.
– Kvalskjeletta, seier 7-åringen når ho er ute i musehagen att.
– Dei var kulast.