Andreas Trohjell, her saman med Lise Carlsen, stiller til val fleire stader denne våren. Foto: privat

Trohjell stiller til NSO-styre

Notert: Andreas Trohjell frå UiB er ein av 24 studentar som stiller til val til NSO sitt sentralstyre.

Publisert

Norsk studentorganisasjon (NSO) skal ha ny leiing. Khrono har den siste tida presentert kandidatane til ulike verv i NSO-leiinga. I tillegg skal det veljast 13 studentar til sentralstyret. Av dei 24 kandidatane som stiller til val, er Andreas Trohjell frå UiB. Han er i dag fag- og forskingsansvarleg i Studentparlamentet i Bergen sitt arbeidsutval. Trohjell stiller òg til val som studentrepresentant i universitetsstyret i Bergen.

Powered by Labrador CMS