Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kvifor var det nettopp bompengar som vart den store valkampsaka? Forskarar frå UiB deltek i debatt – som du kan sjå direkte her.
Dersom valresultatet måndag vert som den siste målinga Bergens Tidende presenterer, vert det eit fargerikt fellesskap i rådhuset i Bergen etter valet. Arbeiderpartiet ligg an til å gå mykje tilbake. Miljøpartiet dei grøne kan verta dobbelt så stort som sist, og nykommaren Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) ligg an til å få ja frå nær kvar sjuande person som stemmer.
Valkampen i Bergen har vore prega av ei sak: Bompengar. Det har vore aksjon med lastebilar som køyrer sakte for å visa motstand mot bompengar, og på den andre sida klimademonstrasjonar.
Men kva var det som skjedde? Kvifor vart det nettopp trafikk og bompengar som vart den store saka i dette lokalvalet? Det skal politikarar og forskarar saman prøva å svara på fredag ettermiddag.
Politikarane Trym Aafløy (FNB), Thor Haakon Bakke (MDG), Harald Victor Hove (H), Terje Søviknes (Frp) og Roger Valhammer (Ap) møter UiB-forskarane Bjørn Enge Bertelsen (sosialantropologi), Anne Lise Fimreite (samanliknande politikk) og Håvard Haarstad (geografi).
Debatten er i Media City Bergen klokka 13.30. Men har du ikkje høve til å gå dit, kan du sjå han direkte hos oss.