Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fjernsynskampanjen mot terror som blir sendt på TV2 kan vere med å reie grunnen for terroristar.
Ein drivande atomsopp og bodskapen om at dette snart kan skje nær deg vert no vist på norske skjermar. Terrorforskar Jan Oskar Engene meiner at denne kampanjen, som er bestilt og betalt av den løyndomsfulle organisasjonen European Security Advocacy Group, ikkje hjelp til auka kjensle av tryggleik, men til å spreie frykt. – Faren for eit mogleg åtak med ukonvensjonelle våpen har blitt kommunisert til den amerikanske offentlegheita i svært lang tid. Etter 11.september kom det eit ras av miltbranntrugsmål. Skremmebiletet som allereie eksisterte vart der utnytta av terroristgrupperingar. Dette vart og utnytta av folk som ville gjere ”practical jokes” og ikkje minst politske styresmakter som har interesse av å innføre særskilte tiltak. Ifølgje Engene er det derfor dei som vil tolke antiterrorkampanja som TV2 låner skjerm til inn i eit stort, konspiratorisk mønster. Dei vil meine at avsendarane av kampanjen er krefter som ønskjer å påverke europeiske oppfatningar. Frå amerikansk hald blir det ofte hevda at Europa ikkje gjer nok i kampen mot terror. Engene viser til at lovene mot terror i mange europeiske land har vore strenge lenge. Likevel er det ifølgje terrorforskaren visse trekk som gjer det relevant å snakke om ”den nye terroren”. Særskilt gjeld dette ønsket om å ramme så mange sivile som mogleg. Terroraksjonane som no sett preg på nyheitsbiletet rammar blindt på ein måte som ville vore utenkeleg for til dømes IRA. Dei hadde ein politikk som gjekk på at dei kun , i alle fall i teorien, skulle ramme folk som samarbeidde med fienden – og dei skulle varsle på førehand.
Mest alvorleg er at den kan utnyttast av fleire grupperingar. Når ein spreier bodskapen om at terroristar kan ta i bruk ABC-våpen, kan terroristgrupper nettopp truge med dette, peikar Engene på. Han viser til miltbrannhysteriet i USA etter 11.september-åtaket og hevdar at dette var eit scenario som hadde blitt dyrka i USA i fleire tiår.
Utnytta frykt
Engene peikar vidare på at Bush-administrasjonen har skremt opp amerikanarane ganske grundig for å få gjennom ”The Patriot Act” – til dømes ved å nytte gammal informasjon når dei sender ut ”ferske” terrorvarsel.
– Nokre vil meine at desse terrorindikatorane er poltiske instrument, heller enn reelle indikatorar for fare, seier Engene.
Denne veka kjem han med boka ”Terrorism in Western Europe”. Engene seier at dei aller fleste kunne gje si tilslutning til bodskapen om å bekjempe terror, og i utgangspunktet er ikkje denne annonsen som no rullar over europeiske TV-skjermar verre enn at norske Tell Him No set inn ei annonse i amerikansk presse.
– Men når vi ikkje veit kvifor, og ikkje veit kven dei er så skaper det meir uvisse. Det er også eit heilt klart misforhold mellom den fredsvarande bodskapen og dei skremmande bileta i fjernsynsreklamen, meiner statsvitaren.
Den andre krigen mot terror
Eitt av mange døme er ”prevention of terrorism-act” i Storbritannia som skulle tene til å ”ta” nord-irske terroristar før dei fekk utført åtaka sine. Denne vart innført tidleg på 1970-talet, men Europa har røynsle med terror heilt tilbake til 1950-talet. I ei rekke europeiske land, som England og Nord-Irland, Tyskland, Spania og Frankrike har både nasjonal og internasjonal terror nærast vore ein del av kvardagen i lang tid.
At staten kan bidra til å bygge opp frykt er heller ikkje nytt. Annonsekampanjar som oppmodar folk til å sjå etter mistenkelege pakker på T-bana i London har vore vanleg i England – og der har det også vore ein enorm debatt om korleis ein skal handsame terrorproblemet. Likevel meiner Engene at den politiske kulturen i Europa er noko meir prega av tillit til staten enn den er i USA.
– Her i Noreg let vi oss til dømes overvake på ein måte som ville vere heilt utenkeleg i USA. Staten veit ”alt” om oss og sender oss ferdig utfylte sjølvmeldingar. I USA har dei ikkje ein gong personnummer, seier Engene.
Han meiner det historiske perspektivet manglar i det som no er døypt ”krigen mot terror”.
– Ein nyttar ofte omgrep som gjer at det høyrest ut til at internasjonal terror er noko nytt. Det er det ikkje. Den første krigen mot internasjonal terrorisme vart faktisk starta av Ronald Reagan i 1981. Denne kampen stod høgt oppe på dagsorden ut over på 1980-talet, men endra seg då muren fall i 1989 – då trugsmålet om verdenskommunisme forsvann.
Europa har blitt tryggare
– Det er forbausande kor lett ein gløymer all terroren som har vore før. Europa er ikkje i same grad som før utsett for internasjonale terroråtak. Faktisk har Europa dei siste tre-fire åra blitt ein tryggare stad, om ein ser på andelen åtak, men når terroristar først slår til, slik vi såg i Madrid er drapstala høge, avsluttar Jan Oskar Engene.