Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Dette er ein heime-hos reportasje utanom det vanlege, seier Frode Storaas. I tre veker budde han i landsbyen Okharbot i det vestlege Nepal. Resultatet blei filmen «Tama Gaun – the copper village» som du kan sjå sundag.
– Som antropologisk filmskapar prøver eg å fange det naturlege livet som utspeler seg framfor kamera, seier antropolog Frode Storaas.
I tre veker budde han i landsbyen Okharbot i det vestlege Nepal. Dette er ein landsby utan vegforbindelse, ein lang dagsmarsj frå nærmaste busstopp.
Dei siste koparkunstnarane
I Okharbot laga han saman med antropologkollega Dipesh Kharel og arkeologane Nils Anfinset (UiB) og Man Bahadur Khattri filmen «Tama Gaun – the copper village», som viser fram livet rundt ei kopargruve i Nepal. Filmen baserer seg på hovudfagarbeidet til Nils Anfinset og omhandlar dei siste attlevande koparutvinnarane i ein liten landsby.
– Kvifor var dette ei historie som burde forteljast?
– Det er berre dei eldste som no sit med kunnskapen om å utvinne kopar på den gamle måten, difor var det viktig å dokumentere dette. Men filmen handlar vel så mykje om det sosiale livet rundt gruva, om kastesystemet og om dei rituelle aktivitetane knytt til utvinninga, seier Storaas.
Som antropologisk filmskapar lagar han filmar utan dei etablerte dokumentariske forteljargrepa som voiceover, musikk og kryssklipping.
– Vi drar ikkje ned med eit ferdig manus, men prøver heller å finna ei historie medan vi er på feltarbeidet. Når du får bu hos ein familie, blir du ein del av eit nabolag og kan få ta del i det som hender der. Og over tid hender det alltid noko som eg som antropolog finn spennande og som kan bli til ein artikkel eller ein film.
Formannen Ujire, ein likandes kar
– Eg vil at dei som ser filmen skal få ei oppleving av å vera samen med meg i felten. Det påverkar måten eg filmar på med handhalde kamera, lengre opptak, naturleg lys og lyd. Etter ganske kort tid gløymer folk at eg er der med kamera og livet blir som det er til vanleg, seier Storaas.
Filmen følgjer formannen Ujire som tek sjåarane med gjennom heile utvinningsprosessen, frå utgraving og utvinning, til smelting og tilverking.
– Han er ein slags hovudperson i filmen. Eg ser alltid etter personar som kan eigna seg godt på lerretet. Folk er generelt hyggelege og eg vil at dei som ser filmen skal like folka eg har møtt, seier Storaas.
Tek sjåarane med på feltarbeidet
Filmen vart første gong vist fram onsdag 15. januar som ein del av utstillinga «Bak lerretet» på dei kulturhistoriske samlingar. Sundag er ein ny sjanse til å få med seg filmen.
– Korleis har reaksjonane vore?
–Dei som har sett filmen, seier at dei ble trekt med inn i filmen, og var der. Dette er eg veldig glad for at dei føler. Eg vil lage film på ein slik måte at sjåarane opplever at deler mi erfaring på feltarbeidet, seier Storaas.