Først må ein velja utdanning - og deretter finna seg ein relevant jobb. Desse ungdommane var på besøk ved Fakultet for kunst, musikk og design for å vurdera om ei utdanning derifrå kanskje kunne vera noko for dei.

Det hjelper med master når ein skal søkja jobb, men studentane ønskjer meir praksis

Publisert

Å ha mastergrad er definitivt ein fordel når ein som nyutdanna skal ut i arbeidslivet.

Ein går ut frå UiB eller ein annan utdanningsinstitusjon med eit ferskt vitnemål i lomma. Men kva skjer så? Får ein jobb? Og får ein relevant jobb?

Ja, viser kandidatundersøkinga 2018, som er gjennomført på oppdrag frå Sammen Råd og Karriere. Totalt 6091 kandidatar frå UiB, HVL og NHH fekk spørsmål om å delta to år etter av dei var ferdigutdanna. Målet er å få eit bilete av arbeidssituasjonen deira på eit tidspunkt der ein kan rekna med at dei har etablert seg på arbeidsmarknaden. Ein kan òg få eit bilete av om kandidatane har etablert seg lokalt, eller om dei har flytta på seg.

Berre halvparten av dei med bachelor

Studentane får jobb, viser undersøkinga. Mange av profesjonskandidatane, som legar og juristar, har fått tilbod om relevant stilling allereie før dei er ferdige med utdanninga. For andre viser tala at dei aller fleste har fått tilbod om relevant jobb i løpet av dei tre første månadane etter at ein er ferdigutdanna. Men det er eit tydeleg skilje: For UiB har 82 prosent av masterkandidatane fått relevant jobb, men berre 54 prosent av bachelorkandidatane.

– Det er utfordrande at såpass få av bachelorkandidatane har fått relevant stilling, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

– Tidlegare har ein snakka om «mastersjuke», at det ikkje er naudsynt at alle tek mastergrad. Men det stemmer altså ikkje?

– Ein ser at arbeidslivet etterspør eller ønskjer seg kandidatar med mastergrad. Me veit at det særleg er evne til sjølvstendig arbeid, evne til å læra nye ting og kritisk tenking som er ønska, og denne har kandidatar med mastergrad meir av, seier Samdal.

Å utdanna for framtida

Med unntak av nokre års pause frå 2011, har det vorte gjennomført ei liknande kandidatundersøking annakvart år heilt attende til 2003. Årets undersøking er den sjuande i rekka, og den første der HVL er med. Tidlegare var berre kandidatar frå Høgskolen i Bergen med i undersøkinga. Studentar frå dåverande Kunst og designhøgskolen i Bergen er òg med for første gong, sidan dei vart ein del av UiB frå 2017.

Tala viser at det ikkje er særleg store endringar samanlikna til funna for to år sidan. Men ein finn at for særleg kandidatar frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet er det lettare å finna relevant arbeid no enn det var i 2016. Ser ein på heile undersøkinga er det kandiatane frå NHH som enklast får seg jobb.

– Nokre studentar, til dømes dei med ei grad innan humanistiske fag, må tenkja breiare enn andre, og òg kanskje tenkja annleis enn før når dei skal finna relevant arbeid. UiB som institusjon jobbar med å få meir arbeidslivsperspektiv inn i studia, for å visa studentane kor deira kompetanse kan vera relevant, seier Samdal.

Nokre fag er meir utsette enn andre. Der det for nokre år sidan var svært vanskeleg for til dømes ingeniørar å få jobb, er situasjonen endra no.

– Som utdanningsinstitusjon prøver me å gjera tilpassingar til samfunnsbehov og oppretta fleire studieplassar innan relevante, nye fagområde, som til dømes fiskehelse, helseteknologi og IT. Me prøver å dreia profilen litt, slik at fleire studentar vel desse programma, seier Samdal.

– Korleis skal ein utdanna til relevante jobbar i framtida?

– UiB må sjå arbeidslivet sine behov. På den eine sida er det basiskompetanse, som legar og lærarar, som ein alltid vil trenga. Men utfordringa er at me skal utdanna for framtida, gjerne sjå endringar før dei faktisk oppstår og før dei aktuelle stillingane er oppretta, seier Samdal.

Ho meiner at tverrfagleg kompetanse er noko samfunnet vil trenga meir og meir av, og nemner helseteknologi som døme. Her trengs både samfunnsvitskapelege fag, medisin, design og IKT.

– Slike tverrfaglege studieprogram er nok mest aktuelle på masternivå, der studentane har med ein basiskompetanse, seier Samdal.

Juristane vil ha praksis

Dei uteksaminerte kandidatane opplyser at de er nøgde med dei faglege dugleikane dei har med seg frå studia. Men dei saknar praksis. For UiB er dette særleg tydeleg blant juristane, der er det er 88 prosent som skulle ønska at dei hadde hatt meir praksis.

Samdal seier at UiB jobbar langs to spor for å få meir praksis inn i utdanningane. Det eine er å senda studentar ut for å få konkret røynsle frå arbeidslivet. Her går det føre seg ein dialog med Bergen næringsråd og Bergen kommune.

– Men det er 30 000 studentar i Bergen, 17 000 av dei ved UiB. At alle skulle fått praksis ville vorte ei praktisk utfordring. Det me i staden gjer, er at me inviterer representantar for arbeidslivet inn. Studentane får campusbasert undervisning, til dømes case-studium, der dei kan samhandla med representantar for arbeidslivet, seier Samdal.

Powered by Labrador CMS