Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag har bedriftshelsetenesta ved UiB 3,9 stillingar, og dei er ein del av HMS-seksjonen ved HR-avdelinga. Spørsmålet er om det skal vera slik i framtida òg. Mange bedrifter kjøper bedriftshelseteneste frå eksterne.
Det bør ikkje UiB gjera, meiner arbeidsgruppa som har gått nøye gjennom bedriftshelsetenesta. Dei skriv i rapporten at deira samrøystes tilråding er at UiB er best tent med eigenordning.
— Me har ei god bedriftshelseteneste i dag. Det er vanskeleg å samanlikna eit eksternt kjøp av tenester med det me har i dag, for det me eventuelt skulle kjøpt kjenner me ikkje. Å gå i gang med dette ville dessutan medført ein prosess med ei grad av usikkerheit for mange tilsette.
Det sa Ørnulf Lillestøl då han la fram rapporten for arbeidsmiljøutvalet. Lillestøl er fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet, og har leia arbeidsgruppa.
Ørnulf Lillestøl
I UiB si bedriftshelseteneste jobbar det i dag sjukepleiarar, lege, fysioterapeut og yrkeshygienikar. Dei siste åra har avdelinga vorte redusert med 1,3 årsverk. I dag er det altså knappe fire årsverk som skal hjelpa 4 300 tilsette. Spørsmålet er om det er nok.
— Me kjøper personell no, og det må me kanskje gjera i periodar. Men eg har inga tru på at me skal kjøpa nokre av tenestene, det vil verta krevjande å halda orden på, sa Lillestøl.
Det same peika fleire i arbeidsmiljøutvalet på. Både hovudverneombod June-Vibecke Knudtsen Indrevik og utvalsleiar Jørgen Melve tok til orde for ei styrking.
— Det er nokre område er ein skulle hatt meir ressursar, sa Indrevik.
I dag er bedriftshelsetenesta ein del av HMS-seksjonen. Men burde dei heller vore ei eiga eining? Ved Universitetet i Oslo ligg tenesta direkte under universitetsdirektøren, fortalde Lillestøl. Han meiner dette kan vera fornuftig, fordi bedriftshelsetenesta skal vera uavhengig og dei tilsette i tillegg er omfatta av helsepersonellova.
— Bedriftshelsetenesta ved UiB er spesielt god når det handlar om det fysiske arbeidsmiljøet og sikring. Men av og til dukkar det opp utfordringar knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet, som kan vera krevjande, sa Lillestøl, og meiner problemet med å plassera helsetenesta under HR-avdelinga er at det kan vera vanskeleg å vita kven som gjer kva.
— Dersom me skal skiljast ut er det i alle fall viktig med fysisk nærleik, sa Bente Nilsen Hordvik. Ho er gruppeleiar for bedriftshelsetenesta, og sa at ho er glad for at saka er komen på bordet. Arbeidsmiljøutvalet har handsama saka fleire gongar før.
Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden stilte i møtet som representant for leiinga. Det er òg han som sit på pengesekken. Han var tydeleg på at han ikkje kunne lova noko, men tek med seg signala frå arbeidsmiljøutvalet.
— Me må ta ein ny runde, og koma tilbake med ei ny sak til neste utvalsmøte, sa han.