Arbeidstilsynet har innleia det som heiter eit postalt tilsyn mot NSD.

Slår alarm om arbeidsmiljøet i NSD

Publisert

Basert på informasjon om at det skal vera utfordringar med arbeidsmiljøet, har Arbeidstilsynet innleiia tilsyn mot NSD.

– Me har vore i ein dialog med NSD og er no i ein tilsynsprosess. Tilsynsprosessen er ikkje avslutta.

Det seier tilsynsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet.

I fjor sommar sendte Arbeidstilsynet eit brev med tittelen «Melding om postalt tilsyn – krav om opplysninger» til NSD (Norsk senter for forskningsdata) ved styreleiar. I brevet står det at Arbeidstilsynet ønskjer tilbakemelding på kva styret vurderer å gjera for å sikra eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

– Tilsynet er basert på opplysningar om at det er utfordringar med det psykososiale arbeidsmiljøet i verksemda, seier Scott.

Vil ikkje kommentera

Verneombodet i NSD har motteke ei rekkje varsel. Frå fleire kjelder får På Høyden vita at det er snakk om ni individuelle varsel, og tilhøva i NSD vert no handsama som ei varslarsak. Verneombod Maren Saxe ønskjer ikkje å kommentera saka. Men På Høyden veit at leiarstilen til administrerande direktør Bjørn Henrichsen er noko at det som er varsla om. «Han er ein mektig mann», seier ei av kjeldene.

Det er ikkje naturleg at eg kommenterer denne saka

Henrichsen ønskjer ikkje å kommentera saka og vil ikkje svara på nokon av På Høyden sine spørsmål.

– Det er ikkje naturleg at eg kommenterer denne saka. Saka ligg hos styret, seier Henrichsen.

– Redaksjonen veit at din leiarstil er noko av bakgrunnen for varsla. Kan du kommentera det?

– Eg har ingen kommentarar, men du held fram med å stilla spørsmål. Eg synest du skal respektera at eg ikkje har nokon kommentarar.

– Det gjer eg sjølvsagt, men ein slik påstand må du få høve til å kommentera.

– Det er ein påstand du bør vera forsiktig med å setja på trykk.

Varsel om det same

Styreleiar Petter Aasen viser til at ei varslarsak er konfidensiell.

– Det er rett at det er ei varslingssak i NSD. Styret har engasjert ein ekstern ressurs for å gjera ei faktautgreiing. Deretter vil saka verta handsama i styret, seier Aasen.

Men Aasen seier at det ikkje er ni varsel som er omfatta av faktautgreiinga. Han seier at saka handlar om eit avgrensa tal varsel som dreiar seg om det same.

– Redaksjonen har fått vita at administrerande direktør er gjenstand for deler av desse varsla. Kva er din kommentar til det?

– Eg kan ikkje seia noko om verken kva som er varsla om eller kven som er varslarar. Det er full konfidensialitet i ei slik sak. Me må ta vare på både varslarane og dei varsla dreiar seg om, seier Aasen.

Eitt AMU-møte

På Høyden har fått tilgang til korrespondansen mellom Arbeidstilsynet og NSD – men i delvis sladda form. I svaret frå NSD etter at kravet om opplysningar kom, skriv styreleiar Aasen at styret tidlegare ikkje var gjort kjend med utfordringar i det psykososiale miljøet og at administrerande direktør ikkje var kjend med saka før styreleiar orienterte om henne. Det står òg i brevet at det gjennom åra har vore god samhandling og løpande kontakt med vernetenesta, og at det ikkje har vorte teke opp saker som ikkje har vorte følgt opp og løyst på ein måte som alle har vore samde i. AMU (arbeidsmiljøutvalet) si rolle i verksemda har alltid vore sentral.

Men i 2016 vart det ikkje halde eit einaste møte i AMU ved NSD. Det fekk På Høyden opplyst då redaksjonen i november i fjor ba om innsyn i protokollane frå AMU-møte. I 2017 vart det halde eitt AMU-møte.

AMU skal ha ei klår rolle og kunne ta opp saker som handlar om arbeidsmiljø, seier Scott.

Ho seier at sjølv om mange tenkjer at Arbeidstilsynet først og fremst kjem inn i biletet når det handlar om fysisk arbeidsmiljø, dekkjer dei heile arbeidslivet.

– Det handlar om forhold både innan det organisatoriske, psykososiale, ergonomiske og kjemisk og biologiske område, inkludert korleis vernetenesta er organisert og kan medverka.

– Men når du seier at AMU skal ha ei klår rolle, er det då litt knapt med eitt møte i løpet av to år?

– Det er nok lett å trekkja den konklusjonen, seier Scott.

Utsett møte

Arbeidstilsynet skulle hatt eit møte med NSD i slutten av november. Det er utsett til februar. I slutten av januar er rapporten frå faktautgreiinga venta.

Scott seier at ho førebels ikkje veit om det er nok med eitt møte mellom NSD og Arbeidstilsynet. Etter desse møta vil Arbeidstilsynet gi ei tilbakemelding til verksemda, truleg vil dette vera i løpet av februar.

– Det ein ser på i eit slikt tilsyn er om arbeidsmiljølova vert følgd, og om det er nokre organisatoriske forhold som gjer at det det er utfordringar med det psykososiale arbeidsmiljøet. Er det manglande medverknad? Er roller og ansvar klart? Korleis vert leiing utøvd? Har ein tillitsvalde, verneombod og arbeidsmiljøutval? Slike ting ser me på, seier Scott.

Arbeidstilsynet snakkar med tilsette, verneombod og leiing. Tilsynet fordeler ikkje skuld, men konklusjonen kan verta at det er avvik i verksemda.

– Ofte viser det seg at det eksisterer to ulike syn, seier Scott.

Skal ha ny direktør

– Korleis vil du karakterisera arbeidsmiljøet ved NSD, Aasen?

– Før me fekk varslingssaka har ikkje styret hatt informasjon som stiller spørsmål ved arbeidsmiljøet. No er det styret si oppgåve å handtera varslingssaka, og så gå vidare og sjå breiare på arbeidsmiljøet, seier Aasen.

Utlysing av stillinga som administrerande direktør er eit resultat av at åra går for oss alle

Det vil verta gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i etterkant av handsaminga av varslingssaka.

Samstundes som Arbeidstilsynet er inne i biletet, skal administrerande direktør Bjørn Henrichsen gå av. Han fyller 73 år i år, og er såleis på overtid sett i forhold til aldersgrensa på 72 år, som arbeidsmiljølova opnar for. I fjor haust vart stillinga hans lyst ut.

– Dette har ingenting med varslingssaka å gjera. Utlysing av stillinga som administrerande direktør er eit resultat av at åra går for oss alle. Bjørn Henrichsen vart i samråd med Kunnskapsdepartementet bede om å verta sitjande i stillinga for å sikra Noreg sin posisjon i etableringa av ny, europeisk forskingsinfrastruktur. Deretter ba styret han om å sitja i stillinga til NSD sin posisjon vart avklart då departementet reorganiserte ytre etat, seier Aasen.

Kunnskapsdepartementet (KD) eig NSD. På Høyden har vore i kontakt med KD, og fått beskjed om at det er styret som må svara på spørsmål kring aldersgensa i NSD.

Reknar med vedtak i februar

Aasen seier at det no vert gjennomført intervju med søkjarar til stillinga som administrerande direktør. 13 namn står på søkjarlista, men styreleiaren seier at det er mogleg at det kjem fleire kandidatar til før prosessen vert heilt lukka.

– Me nyttar eit rekrutteringsfirma for å finna kandidatar. Eg reknar med at styret i løpet av februar kan fatta vedtak i saka, seier han.

Administrerande direktør Bjørn Henrichsen ønskjer ikkje å kommentera saka. Arkivfoto: Dag Hellesund
Powered by Labrador CMS