Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Senter for arboret og hagedrift skal no organiserast som ein del av Dei naturhistoriske samlingane ved Bergen Museum. Overføringa har økonomisk verknad frå 1. juli i år.
I samband med den organisatoriske overføringa frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet til Bergen Museum, er namnet endra til Arboret og Botanisk hage. – Anlegget på Milde er jo også ei samling, og slik sett er det naturleg at det ligg under Bergen Museum. Etter at ein etablerte den nye botaniske hagen på Milde, vart forsking og utviklingsarbeid flytta dit. Muséhagen på Nygårdshøyden har fungert som ei utstilling, der ein berre har drive reint vedlikehald. No vonar vi at det kan bli eit meir aktivt samarbeid mellom anlegget på Milde og Muséhagen, seier Jansen.
– Fakultetet har ein del kostnadskrevjande verksemd som ikkje blir gjenspegla i produserte studiepoeng eller liknande, og som ein difor ønskte å ta ut av den nye budsjettmodellen for fakulteta og handsame for seg sjølv. Det gjeld til dømes drift av forskingsfartøy, og det gjaldt også verksemda på Milde. Det er bakgrunnen for at Arboret og Botanisk hage no er overført til museet, seier direktør for Bergen Museum, Siri Jansen.
Ho har også vore med i ei gruppe som vart sett ned av universitetsdirektøren for å sjå på økonomiske aspekt ved ei slik overføring.
Betre samarbeid med Muséhagen
Dei vitskapleg tilsette vil bli knytt til Bergen Museum, men vil som før vere lokaliserte på Milde. Arboret og Botanisk hage blir no ein eigen seksjon under Dei naturhistoriske samlingane, med eige budsjett og dagleg leiar.