UiB har mange bygg som treng oppgradering og rehabilitering. Spørsmålet er kven som skal betala for det. Rektor Dag Rune Olsen understreka at eigedomsselskapa gir gode moglegheiter for finansiering, men at ein samstundes får store utgifter til husleige når ein vel denne modellen. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Skulle så gjerne hatt eit flaggskip

Publisert

– Prøv å få ein statsråd til å opna eit rehabilitert bygg, sukka rektor Dag Rune Olsen under universitetsstyremøtet.

HMS kjem først. Når taket i dette bygget ramla ned, måtte me reparera.

Det sa universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken då universitetsstyret onsdag behandla saka om forvalting og utvikling av UiB sine areal fram til 2020.

Direktøren kalla det arbeidet som no er i gang ein milepæl. Det er allereie fleire år sidan arbeidet med eit planforslag starta. No har ei arbeidsgruppe, leia av dåverande visedekan Norman Anderssen, kome med eit forslag til plan for universitetet sine areal. Saka vart einstemmig vedteke. Samstundes vedtok styret at ein innan sommaren 2014 skal få ei sak om prioriterte prosjekt frå 2015. I denne saka skal økonomiske og andre ressurskrevjande konsekvensar vera tema.

Tek til orde for samarbeid
Det er ikkje tvil om at bygg kostar. Dei siste åra har UiB fått universitetsmuseet, det nye odontologibygget og studentsenteret finansiert over statsbudsjettet. Andre bygg er finansierte via eigedomsselskap, anten UiB sitt eige eller dei som ligg i randsona. Men finst det òg andre måtar å få finansiert bygg på?

– All honnør til mat.nat og Entek-bygget. Det er viktig at me får på plass bygg som legg til rette for innovasjon og knoppskyting – samarbeid med andre er viktig, ikkje minst i forhold til Horizon 2020, sa Synnøve Myhre.

Ho fekk støtte frå Peter Haugan.

– Kanskje er det slik at andre aktørar i nokre tilfelle kan ta ansvar for å bygga, og så kan me leiga?

Slik skal det gjerast i medieklynga, der deler av Institutt for informasjons- og medievitskap skal inn. I juss 2-bygget eig CMI ein del.

Den komande Entek-bygget skal delvis finansierast ved hjelp av inntekter frå langsiktige leigetakarar.

– I dag har me samla marin forsking på Marineholmen og me har det planlagde Entek-bygget. Eg trur det er viktig med samarbeid med kunnskapsbasert næringsliv, sa rektor Olsen.

370 000 kvadrat
UiB har i dag ansvar for nærare 90 bygg, totalt over 370 000 kvadratmeter. Fleire av bygga treng etter kvart omfattande rehabilitering, mellom anna Realfagsbygget. Nygård skole skal etter planen totalt byggast om, og er eitt av prosjekta som no er spelt inn til statsbudsjettet for 2015.

– Rehabiliteringsprosjekta me har  er store, tunge – og viktige. Men det er kjipe greier å selja inn politisk, sa Olsen, og viste til at den førre regjeringa løyva pengar til mellom anna nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø og fleire bygg ved Universitetet for miljø- og biovitskap.

– Dette er flaggskip, våre prosjekt er i ein annan kategori. Prøv å få ein statsråd til å opna eit rehabilitert bygg, sa Olsen.

– Ikkje bruka for mykje pengar
Noko av det arbeidsgruppa peika på, var at ein må ha ein open og føreseieleg prioriteringsdiskusjon. Dei var òg opptekne av at kvart enkelt fakultet treng ein sosial møteplass som eit kjernepunkt.

– Bygga har kome klattvis og i lite dialog med kvarandre. Det finst nokre grelle døme på at ein ikkje har teke omsyn til nettopp sosiale møtestader, kommenterte eigedomssjef Even Berge.

Rektor er oppteken av fleksibilitet.

– Det er vanskeleg å skildra kva bygget skal brukast til om tjue år.

Han understreka òg kor viktig det er med ein langsiktig plan.

– Me må ha areal som fungerer. Utforminga av bygg betyr noko for korleis ein jobbar, så bygg er på ingen måte revnande likegyldig, sa Olsen.

Dei ulike fakulteta leverte inn lange lister over kva dei vil prioritera då dei fekk planen på høyring.

– Sidan min gode kollega Kjell (Bernstrøm, økonomidirektør, red.anm) ikkje er her, får eg seia det han plar seia: Me må passa på å ikkje bruka for mykje pengar! Me må passa på dei bygga me har. Og samstundes trur eg me må venna oss til å ha kø òg på planar, me må venta på skisseprosjekt og ikkje gå i gang med for mykje på ein gong, sa Elvbakken.  

Powered by Labrador CMS