Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Delte kontor er ei god løysing på plassproblemet, seier eigendomsdirektør Even Berge. Fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås meiner diskusjonen om kontorstørrelse etter stilling er ei levning frå ei anna tid.
Etter ombygginga vil instituttet i Bjørn Trumpys kunne huse 25 nye tilsette. Dermed vil instituttet vere betre rigga for veksten som leiinga ser vil komme. Men arbeidet med fortettinga av kontorlokala har ført til harde diskusjonar og sterk kritikk av instituttleiar Geir Anton Johansen. – Eg visste alt då prosessen starta at dette kunne vere ei sak der ikkje alle ville vere samde. Eg har oppriktig forsøkt å gje god faktainformasjon, seier Geir Anton Johansen til På Høyden. Han har blitt skulda for å fabrikkere tal, samt å handle utan mandat. Avgjersla om å frata professorane kontora på 25 kvadratmeter og dele desse i to, fører til at instituttet får 12 nye grupperom og 25 nye kontor. Dette meiner fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås er eit steg i riktig retning. 90 millionar i husleige – Vi har vedteke den nye husleigemodellen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Der var ei av dei sentrale målsetjingane at vi skulle nytte areala vi har betre. Å dele kontora slik dei no gjer er ei konkret og fin iverksetting av fakultetet og UiB sin strategi. – Ei levning frå ei anna tid – Har professorar og førsteamanuensar ulike plassbehov? – Diskusjonen om kontorstorleik etter stillingskategori er ei levning frå ei anna tid. Ein vil ha høve til å drive glitrande forsking på 12,5 kvadratmeter, seier fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås. Han meiner instituttleiinga ville ha vore lydhør dersom tilsette hadde gode grunnar for å få meir kontorplass. – Dersom det skulle vere slik at ein tilsett, det vere seg førsteamanuensis eller professor, skulle ha bruk for større kontor for å utføre arbeidet sitt på ein god måte, er eg viss på at instituttet hadde lagt til rette for dette. Vandalisering – Eg har ikkje så stor kunnskap om dei arkitektoniske uttrykka, men eg er trygg på at andre personar på UiB som har vore delaktige i prosessen har desse kunnskapane. Eg ønskjer at det skal vere pent rundt oss, både med tanke på studentar og tilsette. Finst ikkje tomme hus på UiB – Vi i Eigendomsavdelinga har hatt møte med institutt- og fakultetsleiinga. Dei kom med framlegg om at det å dele kontor var ei mogleg løysing. Etter vår meining er dette ein super måte å løyse arealproblemet på, seier Even Berge til På Høyden.
– Areal er ein kostbar ressurs. På fakultetet sine budsjett går om lag 90 millionar kroner til husleige. Det vil seie at vi bruker årleg i gjennomsnitt over 100 000 kroner per tilsett, seier fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås til På Høyden.
Med den nye romløysinga vil alle tilsette få lik kontorstorleik.
– Kritikarar av prosessen har hevda at ombygginga er ei vandalisering av Bjørn Trumpys hus. Kan du kommentere dette?
Kritikarar av romdelinga har meint at det burde vore mogleg å finne ei løysing utan å måtte bygge om Bjørn Trumpys hus. Men ifølge eigendomsdirektør Even Berge finst det i dag ikkje andre bygningar på UiB som IFT kan ta i bruk.
Berge anslår at ekstern leige av kontor til 25 nye arbeidsplassar ville koste instituttet opp mot to millionar kroner i året. Dette er pengar som no kan bli brukt til vitskapeleg verksemd.
Vil ha edrueleg plassbruk
Han fortel at systemet med internhusleige kom i stand for å få ein meir nøktern bruk av areal.
– Tidlegare vart areal rekna som eit gratis gode. No har det vorte ein meir edrueleg bruk av kvadratmeter.
Han fortel at i Juss 2-bygget og i det nye odontologibygget er standarden 8-10 kvadratmeter per kontor, der dei tilsette har kontorpult, skap og ein eller to stolar for gjestar.
– Tilsette har klaga over at støy frå boring i mur stadig forstyrrar dei i arbeidsdagen. Kva kan de gjere for å betre dette?
– Vi forsøker å ha som prinsipp at støyande arbeid vert gjort tidleg på morgonen og seint på kveld. Vi vil avgrense støy så godt som mogleg.
– Ein kan sitte tettare
– Kor mange kvadratmeter treng ein for å drive god forsking?
– Eg vil ikkje sette meg til dommar over kor stor plass ein treng. Nokon sit på fem kvadratmeter, og andre sit på mange fleire. Dette finst det ikkje fasitsvar på. Men eg trur at ein generelt kan sitte tettare enn ein gjer i dag, seier Even Berge til På Høyden.