Noko må gjerast med Nygård skole, meiner eit samstemt fakultetsstyre. Dei sender ballen vidare til universitetsleiinga.

Prioriterer Griegakademiet

Publisert

Det humanistiske fakultetet set Griegakademiet øvst på prioriteringslista når dei skal seia noko om UiB sin arealplan. Men ein del av utbygginga må fakultetet truleg betala sjølve.

– Me har sett Nygård skole på førsteplass som den aller viktigaste prioriteringa. Me må få på plass ei skikkeleg rehabilitering, og eg håpar på framgang i den saka ganske snart.

Det sa dekan Margareth Hagen då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet denne veka diskuterte fakultetet sine innspel til UiB sin arealplan.

På Høyden har tidlegare skrive om planane for Nygård skole: Bygget skal rehabiliterast, slik at det eigentleg berre er skalet som står att. I tillegg skal det lagast ein konsertsal i bakgarden, og Gunnar Sævig sal skal gjerast om til ein black box. Kostnad: 600 millionar kroner.

Universitetsstyret vart orientert om byggeplanane i vår, og vedtok då at universitetsleiinga skal gå vidare med planane om ombygging av Nygård skole – særleg finansieringsbiten.

30-35 millionar i årleg kostnad
Griegakademiet er i dag spreidde på seks ulike stader, og må i tillegg leiga areal til musikkterapimiljøet.

– Kva implikasjonar får ei utbygging for fakultetsøkonomien, spurde Randi Rolvsjord i møtet. Ho representerer nettopp Griegakademiet.

– Det er to måtar å betala dette på. Det eine er å få ei løyving over statsbudsjettet. Det er ein langvarig prosess. Fordelen er då at UiB vil betala husleige til Statsbygg, men samstundes får ein utstyrsmidlar med på kjøpet. Det andre alternativet er eit låneopptak via UiB sitt eigedomsselskap. Då kjem kostnader til utstyr i tillegg. Lånekostnadane vil verta mellom 30 og 35 millionar kroner i året, forklarte fakultetsdirektør Trine Moe.

Desse millionane må HF rekna med å måtte betala om lag halvparten av sjølve – det er slik det har vore for andre fakultet.

– Grunnen til at alle no opplever høgare internhusleige, er at ein har hatt nokre store byggeprosjekt som alle er med på å betala for. Men me meiner at dersom me skal ha eit Griegakademi, må me ha tilstrekkeleg infrastruktur, sa Moe.

Ønskjer nytt administrasjonsbygg
Punkt to på lista over kva HF ønskjer å gjera noko med, er eit nytt bygg. Ved å plassera eit kontorbygg over parkeringsanlegget i Dokkeveien, meiner fakultetsleiinga at ein kan frigjera areal i Harald Hårfagres gate, Fastings Minde, og eventuelt òg Villaveien 1A. Kanskje kan òg nokre av dei som held til i Sydneskvartalet flytta til eit nytt bygg.

– Slik det er i dag, er fakultetsadministrasjonen altfor langt unna fagmiljøa, sa Hagen i møtet.

– Eg sit sjølv i Harald Hårfagres gate no, og eg ser jo knapt HF-folk lenger. Dei hundremetrane betyr mykje, ein kan få ei fysisk tettare samhandling ved å flytta.

Alternativet til eit nybygg, eller ei løysing på kort sikt, er at fakultetsadministrasjonen flyttar dit universitetsbiblioteket sine spesialsamlingar held til i dag.

– Dette er noko me førebels ikkje har diskutert med biblioteket, understreka Hagen.

– Men her er det store lokale som kanskje ikkje er fullt utnytta.

Dersom me skal ha eit Griegakademi, må me ha tilstrekkeleg infrastruktur

Oppgraderer Sydneshaugen
Andre ting fakultetet ønskjer å gjera noko med, er Fastings Minde og Sydneshaugen skole. For Sydneshaugen skole er planane klare. Fakultetet sitt informasjonssenter skal flyttast hit. Fakultetsleiinga opnar for at noko av pengane som ein ønskjer å få overført til neste års budsjett, kan brukast til å forskuttera oppgradering av bygget.

– Me ventar på ei endeleg avklaring frå riksantikvaren, og satsar på flytting rundt påske neste år, sa studiesjef Ronald Worley i møtet.

Når det gjeld Fastings Minde, er dette eit bygg som er freda, og slik vanskeleg å gjera noko med. Men fakultetet ber likevel om at det vert teke med på lista – slik bygget er i dag, er det slite og lite eigna som kontorbygg, heiter det i sakspapira.

I dag nyttar fakultetet kontor i Joacim Frieles gate til emeritus-kontor. Planen er at pensjonistane skal flytta inn i Villaveien, etter at Senter for middelalderstudier er avvikla.

Sydneshaugen skole skal oppgraderast – kanskje kan arbeidet starta allereie i år. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Fastings Minde er freda, men fakultetsstyret ber likevel om at noko vert gjort med bygget, der det i dag er kontor. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS