Skip o'hoi! Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, var ein av mange frå universiteta som starta semesteret under Arendalsuka i år. Til venstre, rektors rådgivar, Vebjørn Granum Kjersheim. Foto: Knut Egil Wang

Austanfor First House, vestanfor Flåttsenteret

Universiteta satsa tungt på å bli sett av folk kjent frå politikk, Twitter og fjernsynunder Arendalsuka sist veke.

Publisert Sist oppdatert

Snart kjem Kåre Willoch til å bli fotografert på brua og deretter distribuert på universitetets Twitter-konto. Men før den tid dukkar ein ukjent, eldre sjømann opp.

Universitetet i Oslo (UiO) har leigd MS «Sunnhordland» av Bergen, eit veteranskip som blir halde i stand av entusiastar og pensjonistar på dugnad. No ligg det i Pollen, Arendals Vågen, med nokre av dei skarpaste hjernane frå Oslo om bord.

Bygd i Chicago i treåførr, æ den ikkje, det, då? seier sjømannen på arendalsk, og spør mannskapet om å få mimre litt på brua. Det blir ein fin prat der oppe, eit par anekdotar frå farten på Hirtshals, sommarjobben om bord før styrmannsskulen.

Veldig mange vil veldig gjerne helse på Erna, med og uten rullar i håret. Foto: Knut Egil Wang

Arendalsuka, skal du på noko på Arendalsuka, spør vi den gamle sjømannen, på veg ned passerer vi eit foredrag, helseministeren er der inne, ein samtale om heroinassistert behandling, som snart blir avløyst av ein debatt, eit nytt foredrag, ein ny samtale, om torsk, Brexit, handball, Dagsrevyen, E39, you name it. Byen kokar over av fargerike stands, vaflar, blazerar og folk kjent frå politikk og fjernsyn. Tre hundre organisasjonar, frå Senterpartiet til Spondyloartrittforbundet, har pressa seg inn i gatene.

Sjå og bli sett i eit sett. Ei livleg stund ved NRK-lektaren i Pollen. Foto: Knut Egil Wang

Erna er der. Ronni Le Tekrø. Jonas. Amcar Norge. Flåttsenteret. First House. Ole Torp og cowboystøvlane hans.

– Nei, å, nei, nei, nei, seier den gamle sjømannen og går i land. – Æ ville bare se båden.

Eksistens

Du bør ha ei god forklaring på korfor du ikkje er her, skriv tidlegare journalist og PR-medarbeidar, Terje Svabø i programavisa. Er du ikkje i Arendal, er du ikkje relevant, uttalte ein medarbeidar til ei næringslivsavis i fjor. Er du ikkje i Arendal under Arendalsuka, er du ikkje noko.

Det seier dei som er noko, og det gjeld ikkje berre statsrådar, med eller utan iranske kjærastar, og pressekonferansar i regi av PR-medarbeidarar og tidlegare journalistar som no er PR-medarbeidarar.

Noregs nyaste universitet marknadsfører seg med, i tillegg til leppepomade, brus og drone, at dei er eit næringslivsuniversitet. Foto: Knut Egil Wang

Dette er ein viktig marknadsføringsarena, seier Universitetet i Bergens (UiB) viktigaste lobbyist, Rune Indrøy. Det er blitt ein viktig arena, seier kommunikasjonsdirektøren ved Universitetet i Oslo (UiO). Det er viktig å vere der, seier samfunnskontakt ved NTNU, Stein R. Fredriksen. Det er eit viktig arrangement, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Ja, det er så viktig at det nesten snart ikkje er nokon som tør å ikkje vere her.

Han tør i alle fall ikkje.

Nokon brukar også telefonen som telefon. Foto: Knut Egil Wang

I fjor sjudobla UiB budsjettet frå året før. Medrekna løn, reiser og førebuingar brukar universitetet i år ein stad mellom fem hundre tusen og ein million kroner.

Ulikartethet

– Ho har liksom ikkje noko refleksjon rundt seg sjølv, apropos Per Sandberg (…) når institutta blir slått saman … du veit …

Oppe på ei høgde, like ved kyrkja, samtalar to kvinner om ein eller annan universitetskvardag. Dei venter på ein debatt i regi av ei børsorientert avis, som har sett opp teltet tett på Skagerakkatedralen. Debatten er ein av fleire under Arendalsuka som handlar om forsking og høgare utdanning og alt som høyrer med i opne og bratte landskap.

For eller imot føretak? Debatten om føretaksmodellen i DN-teltet tok liksom ikkje heilt av. Foto: Knut Egil Wang

Denne skal handle om føretaksmodellen, eventuelt om grunnlaget for ein moglegheitsstudie av kva styreformer ein kanskje kan tenke seg å vurdere å diskutere. Debattleiaren frå Morgenbladet gjer sitt beste, men det blir ikkje heilt badetemperatur på diskusjonen.

– Vi veit jo ikkje heilt kva vi diskuterer, det er kanskje ein del av problemet, seier leiaren i Norsk studentorganisasjon, Håkon R. Mikalsen.

Vi veit jo ikkje heilt kva vi diskuterer, det er kanskje ein del av problemet

Håkon R. Mikalsen

Studentleiaren er klar motstandar av å gjere universiteta til føretak, det er også jusprofessor Hans Petter Graver. Prorektor Bjarne Foss frå NTNU er slett ikkje framand for tanken, men ikkje nødvendigvis per se. Dessutan treng kanskje ikkje alt og alle bli styrt etter same modell. Kanskje «ulikartethet» er bra, seier prorektoren, før alle konkluderer at dei er samde om at det er for mykje detaljstyring og byråkrati i sektoren, utdanning skal fortsatt vere gratis, og akademisk fridom må stå fast. Eller autonomi.

Postmoderne

Kva med Noregs nyaste universitet, Universitetet i Sørøst-Norge? Dei stiller på stand, men har lite kystlinje og kjem neppe til å leige skip, trass i at dei med sine seks campusar frå Rauland til Ringerike er landets fjerde største.

Dei marknadsfører seg med, i tillegg til leppepomade, brus og drone, at dei er eit næringslivsuniversitet. I tillegg til eit titals bedriftslogoar, har dei også fått plass til sin eigen på standen.

– Kva med autonomien?

– Vi må berre passe på det. Det er ei moglegheit og ein risiko, seier prosjektleiar Duy Tho Do.

Det første møtet med Universitetet i Bergen i Arendal. 3-brillene var nesten like populære som Fox. Foto: Knut Egil Wang.

Det er fleire på Arendalsuka som er opptekne av autonomi. Posten har lagt fram brosjyrar med tittelen «Autonomi – Posten og det norske folk».

Medan Alrek helseklynge blir forklart om bord i skuleskipet, forklarer ein ung svenske at autonomi handlar om postmannens død. Han brukar litt andre ord, ein kloss på hjul som liknar litt på ein stor frysar er parkert på standen, og det er ein postrobot.

– Så robotane tar over?

A-a, svarar svensken.

Storfiskane skal mellom anna kjennast på kjeften. Regjeringa Solbergs ferske fiskeriminister, Harald Tom Nesvik. Foto: Knut Egil Wang

Frå ein restaurant i nærleiken strøymer røysta til tidlegare kringkastingssjef og frimurar av 7. orden, John G. Bernander. Han leiar eit stappfullt arrangement i regi av Norsk olje og gass, organisasjonen til tidlegare Ap-politikar og no lobbyist Karl-Eirik Schjøtt Pedersen.

Han kjem verken på «Jorden – en havplanet» eller «Stillehavsøyene som klimaendringenes frontlinje» om bord i «Statsraad Lehmkuhl».

For faen

Til liks med søsteruniversiteta i Oslo og Trondheim har UiB leigd skip for å komme seg inn på festen. M/S «Sunnhordland» kostar UiO ein halv million. Men så får dei også overnatte om bord. M/S Sandnes, veteranskipet til NTNU, må vi innrømme at vi aldri finn. «Statsraad Lehmkuhl», derimot, er vanskeleg å unngå.

Om bord er NHH, revisorgiganten Pricewaterhousecooper, Telenor, Rederiforbundet, Maritime Bergen – og altså Noregs nest eldste universitet. Eit blått banner er utstilt på babord med påskrifta «Leadership». Ein pleonasme, kanskje, men det er ikkje filologane sin tur i år. For universitetet handlar det om klimaforsking, og om helseklynger og marint miljø.

Og det handlar om å få statsrådar om bord i Statsraaden. Og om å få snakke med dei som har endå meir makt og/eller pengar til å fordele makt og/eller pengar til forsking og utdanning og andre ting kunnskapsprodusentane måtte trenge pengar og/eller pengar til.

Alle mann på dekk om bord på Statsraad Lehmkuhl. Frå venstre, marin direktør Amund Måge, avdelingsdirektør Ingar Myking og assisterande universitetsdirektør, Tore Tungodden. Foto: Knut Egil Wang

Rektor har veldig mange viktige og konstruktive møter, seier kommunikasjonsrådgivarane.

Arendalsuka er for saueflokkar av journalistar, hyrdar frå PR-bransjen, som ofte er tidlegare journalistar, som deler politikarane mellom seg, med næringslivs- og organisasjonsfolk – og universitetsfolk – på lasset.

Men også for alle andre.

Med Israel for fred. Sigurd Falkenberg Mikkelsen. Takstfolka. Rasistane. Journalistane. Jordmødrene. Rektorane.

Full frihet for faen!

Draumehagen

Det er «Tilgjengelighetsgeriljaen» som ber dette litt krast formulerte kravet på dei blå t-skjortene sine. Dei fortel at dei set opp skilt der det ikkje er råd for rullestolbrukarar å ta seg fram. For eksempel lekteren til NRK. Ingen rullestolar slepp forbi portvakta i cowboystøvlar. Halvparten av arrangementa på Arendalsuka fortener sure skilt frå geriljaen. Rullestolbrukarar får ikkje ete østers på Statsraaden.

Likevel, Arendalsuka kan verke litt som ein draum, ein kaotisk, men god draum. Sett frå Aserbajdsjan, Tyrkia. Eller Kina.

Sun Yi kan kan praktisere Falun Gong alt ho vil i Noreg. I Kina vart ho sett i omskuleringsleir. Foto: Knut Egil Wang.

Litt utanom rektors lysløype finn vi Sun Yi på stand. Den kinesiske ambassaden held nok eit auge med henne, men her kan ho seie det ho vil. Og praktisere Falung Gong, den religiøst orienterte meditasjonen. Ho kom som asylsøkar for sju år sidan. Då hadde ho sete to år i arbeids- og omskuleringsleir.

– Fordi eg praktisere Falun Gong heime, fortel ho. – Eg er ein av dei heldige, eg har pass, kunne skaffe visum og komme meg ut av landet.

Universiteta i Noreg meiner ho ikkje så mykje om, bortsett frå at «ingen bør samarbeide med diktatur som ikkje respekterer menneskerettar».

Jonas eller Jonas, på Arbeidarpartiets lykkehjul. Foto: Knut Egil Wang

Det er verkeleg flott, seier Ahmet Görata. Han kom til Noreg for eit par veker sidan gjennom Scholars at Risk som har gitt han plass på Universitetet i Agder. Etter at han heime i Tyrkia signerte på ei erklæring som formulerte eit ønske om fred med kurdarane, hamna han på ei skummel liste. Han kunne fort ha site fengsel, og ikkje spankulert på ein stad der statsministeren spaserer forbi i skjørt, utan ein einaste maskinpistol i sikte.

Tendens: Lykke

Då verkar det kanskje overflødig, men påfallande mange har utstyrt seg med lykkehjul under Arendalsuka. Det kan nesten kallast ein tendens.

– I fjor berre delte vi ut ting. Det fungerte dårleg, seier dei på standen til Trygg Trafikk. I staden har dei eit pedagogisk lykkehjul. Det spesielle med hjulet er at alle som snurrar får premie. Eit slags vinn-vinn.

Det same er situasjonen hos Globale Bærum. Alle får premie. Og hos Fagforbundet. Og hos Arbeidarpartiet. Køen for å snurre hjulet er lang. Ikkje alle får jackpot, men sjansen for å få Jonas er stor.

Tidlegare journalist, no PR-rådgivar i First House, Hans-Christian Vadseth, lener seg over gjerdet til First House-basen på Hill bar. Foto: Knut Egil Wang.

Ein skal leite lenge etter nokon som meiner dei ikkje har sukssess på Arendalsuka. Som ikkje får igjen for pengane. I så fall har ein eit forklaringsproblem. Nesten ingen tør. Rektor Olsen og hans mannskap har garantert ikkje mønstra på «Statsraad Lehmkuhl» for siste gong. Ein intensjonsavtale er signert om å bli med på jordomsegling. Om Telenor blir med er uvisst.

Gambit Hill+Sandberg

Etter berre dag tre på Arendalsuka kan både PR-byrået Gambit Hill+Knowlton/Per Sandberg og rektorar på begge sider av Pollen sjå seg fornøgde. Klimafornektarane ser også ut til å vere forbløffande godt besøkt. Finansminister Siv Jensen vinkar frå eit hotellvindauge, ned til den nye fiskeriministeren som står på kaia med eit nyvunne hoff. Terje Søviknes hamnar litt i skuggen. Men han er då her. Han er nokon.

I believe I can fly. Elektrisk fly i Arendal sentrum. Foto: Knut Egil Wang

Kåre Willoch blir fotografert på brua på MS «Sunnhordland» og deretter distribuert på universitetets Twitter-konto.

Dag Rune Olsen skiftar dress.

Lykkehjula snurrar.

Powered by Labrador CMS