Arild Linneberg trekk seg som leiar for eit nytt prosjekt i skjæringspunktet mellom juss og språk. Foto: Hilde Kristin Strand

Linneberg trekk seg frå millionprosjekt

Publisert

Litteraturprofessor Arild Linneberg vil likevel ikkje leie forskningsprosjekt til 7,2 millionar kroner, etter at det har blitt avslørt at han har blåst opp omfanget av eiga forsking.

Universitetet i Bergen sendte torsdag ut melding om at han likevel ikkje kjem til å leie forskingsprosjektet «A Narratology of Criminal Cases», av helsemessige årsaker. Avgjerda kjem etter at han har fått massiv kritikk for overrapportering av forskingsresultat.

Fakultetet vil søkje Forskingsrådet om å byte prosjektleiar, og deretter avvente godkjenning frå Forskingsrådet.

Oppga bokpublisering fleire gonger
Det er professor i filosofi og rettsvitskap Eivind Kolflaath som har kome med kritikken mot Linneberg og forskinga rundt justismord med utspring i litteraturvitskap og retorikk, først i Nytt norsk tidsskrift. Etter først å ha avvist kritikken måtte Linneberg tysdag leggje seg flat, då Bergens Tidende viste at mange artiklar oppgitt som fagfellevurderte slett ikkje var det, og at bokpubliseringar var oppgitt fleire gonger.

Torsdag var forskinga til Linneberg tema for leiarartikkelen i Dagbladet, og kritikken var knallhard:

«Linnebergs prosjekt er av slett vitenskapelig kvalitet og helt uten relevans for jussen og rettsvitenskapen. Ikke nok med det. Som Kolflaath på eksemplarisk vis demonstrerte i Klassekampen på lørdag, har Linneberg også løyet om hva prosjektet faktisk har medfødt av forskning. Det er utilgivelig.»

Lagar ny, korrigert sluttrapport
På Høyden har vore i kontakt med Linneberg i dag, men han vil ikkje svare utover at han trekk seg av helsemessige grunnar, og at han vil svare i eit innlegg om kort tid.

På UiB har det vore jobba med saka i fleire dagar. Kolflaaths kritikk gikk på rapporteringa etter prosjektet «Justismordets dramaturgi», som blei finansiert av Forskingsrådet med seks millionar kroner. Både Linneberg og andre UiB-tilsette er no i gang med å lage ein ny, korrigert versjon av sluttrapporten frå prosjektet.

– Vi skal sørgje for at det no kjem inn ein ny rapport til Forskingsrådet, som skal vere heilt i orden, lovar dekan Margareth Hagen ved Det humanistiske fakultetet.

Må vere nøyaktige
Ho er klar på at fakultetet ikkje tek lett på feilrapportering:

– Ein skal ikkje slurve, og oppgi og rapportere det som er riktig. Det er viktig å vere nøyaktig som forskar, og eg trur ikkje det er utbreidd å rapportere feil, seier Hagen til På Høyden.

Det ligg inga direkte vinning for forskaren i å til dømes oppgi populærvitskaplege artiklar som fagfellevurderte, då det berre er artiklar i godkjende tidsskrift som gir publiseringspoeng. Men publiseringslista vil unekteleg sjå meir imponerande ut om ho er lang.

Debattmøte over sommaren
Den humanistiske forskinga rundt justismord, språk og retorikk er omdiskutert, ikkje minst blant juristar. Ein viktig del av kritikken til Kolflaath er at Linneberg og kollegaene ikkje bidreg til tverrfaglege diskusjonar, då dei ser bort frå rammene og omgrepa rettsvitskapen må ta omsyn til. Men etter at saka kom opp, er eit debattmøte under planlegging.

Og dekan Hagen håper feilrapporteringa ikkje råkar sjølve forskinga.

– Denne forskinga mellom juss og humaniora er jo verkeleg interessant, og det er viktig at vi får ein god, offentleg debatt rundt det. 

Powered by Labrador CMS