Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
No får masterstudentane i arkeologi tilbod om sårt tiltrengt feltpraksis takka vere ein samarbeidsavtale mellom UiB og Hordaland fylkeskommune.
Fylkeskommunane er mellom dei største arbeidsplassane for arkeologar. Ifølgje lova om kulturminnevern er alle kulturminne som stammar frå før 1537, automatisk freda. Ved større utbyggingar må difor arealet kartleggjast slik at utbygginga ikkje kjem i konflikt med moglege fornminne, og dette ansvaret ligg i dag hos fylkeskommunen. Sist veke underteikna Hordaland fylkeskommune og UiB ein samarbeidsavtale som medfører at masterstudentar i arkeologi får tilbod om feltpraksis med reelle case hos fylkeskommunen. Fleire studentar enn jobbar Han har utarbeidd avtaleteksten i lag med fylkesarkeolog Tore Bjørgo. Artikkelen held fram under biletet. Den nye avtalen gjev tilgang til viktig feltpraksis for arkeologistudentar. (Arkivfoto: Lars Holger Ursin) Forvalting i praksis – Saksmengda og ansvaret hos fylkeskommunen har også auka. Samstundes merkar vi at dei ferdige kandidatane har mindre praktisk røynsle enn før, fortel Tore Bjørgo. – Vi har ansvar for å gå ut i felt og vurdere landskap som skal byggast ut eller endrast. Ved funn skal det gjerast registreringar og andre vurderingar, og i kvart tilfelle må innsatsen vegast opp mot resultata. For studentane vil det vere verdifullt å få oppleve korleis slike saker blir handsama, og for oss er det ein fordel å sikre oss meir kompetent framtidig arbeidskraft. Tiltak for samfunnskontakt – Feltarbeidet gjer at arkeologifaget skil seg ut mellom dei humanistiske faga. Feltundervising er ressursintensiv, men samstundes kan ikkje feltdelen gå utover den akademiske delen av studiet. Alt dette gjer at vi ikkje har kunna tilby så mykje feltundervising som vi skulle ønskje, og med denne avtalen ønskjer vi å endre på det. Avtalen er dessutan med på å oppfylle UiB sine intensjonar om å samarbeide tettare med andre institusjonar i regionen, seier Bergsvik. Samarbeidsavtalen vart signert av Instituttleiar ved AHKR, Christhard Hoffmann, og fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti sist onsdag. (Foto: Arne Mykkeltveit, AHKR)
– UiB har opplevd ein enorm auke i talet på studentar dei seinare åra, større enn talet på feltjobbar. Tidlegare brukte gjerne studentane sommaren på feltarbeid, men i dag får dei færraste studentane slike sommarjobbar fordi dei ferdige kandidatane går framom i køen. Med denne avtalen ønskjer vi å gje studentane feltpraksis og samstundes la dei få røynsle med arbeidet i fylkeskommunen, som er ein svært aktuell framtidig arbeidsplass for dei, seier førsteamanuensis ved AHKR og fagkoordinator for arkeologi, Knut Andreas Bergsvik.
Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å dokumentere og bevare automatisk freda kulturminne, eit ansvar som tidlegare låg hos universiteta. Fylkesarkeologane må både utvikle nye metodar basert på eigne behov, og vurdere innkjøp av utstyr og tenester hos eksterne aktørar. Studentane får dermed innblikk i metodar og vurderingar som dei ikkje nødvendigvis blir fortrulege med på studiet.
Studentane vil få tilbod om feltpraksis i overgangsperioden mellom kursdel og masteroppgåveskriving. Fleire har allereie meldt interesse. Studentane har sjølve uttrykt uro over mangel på feltpraksis i utdanninga, og korleis det kan påverke sjansane deira på arbeidsmarknaden.