Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Då eg var ung forskar var det ein av dei eldre geologane som forska på bryne. Me andre syntest det var litt rart – det var liksom ikkje slikt ein geolog skulle driva med.
Øystein Jansen ler. No er det nemleg han som er bryne-forskaren. Strengt teke er han pensjonist, men geologen er framleis knytt til Universitetsmuseet. Irene Baug er arkeolog og forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Saman med Dagfinn Skre, arkeolog frå UiO, og Tom Heldal, geolog frå Norges geologiske undersøking (NGU), har dei to funne svar på kvifor det var akkurat vestover vikingane reiste. Og ja, svaret heng saman med bryne.
Ein har funne bryne i Ribe i Danmark som stammar heilt attende til 700-talet. Og ein har trudd at bryna kom frå Noreg, men har ikkje visst kor.
– Eit av dei store steinbrota der ein veit at det vart teke ut stein og laga bryne allereie i tidleg mellomalder, ligg i Eidsborg i Telemark. Men dei bryna ein fann mellom anna i Danmark, var laga av meir finkorna stein. Gjennom å bruka geokjemiske analysar har me kunna opphavsbestemma steinen i langt større grad enn før. Ein slik prøve kan gi eit slags DNA for brynet, forklarar Jansen.
– Og om ein får ein match med liknande stein frå eit brynesteinsbrot – ja, då er det bingo!
Geologar hadde tidlegare konkludert med at mange av dei finkorna bryna ein fann i Ribe måtte vera laga av stein med opphav langs vestkysten av Noreg, men ingen visste kor. For nokre år sidan vart geologar ved NGU merksame på eit stort brynesteinbrot i Mostadmarka i Trøndelag, med liknande stein. Geokjemiske analysar viste match mellom bryna frå Ribe og Mostadmarka. Resultatet: Det er her dei eldgamle bryna har sitt opphav.
– Ein trudde dette steinbrotet var frå etter reformasjonen. Det var ikkje freda ein gong, kommenterer Jansen tørt.
Øystein Jansen
Slik kom ein puslespelbit på plass: Det vart altså eksportert bryne frå Trøndelag til Danmark. Men kva har det med plyndringtokter å gjera? Baug forklarar:
– Me veit at det gjekk skip med varer – truleg frå høvdingsetet Lade og sørover. Langs kysten var piratane klare. Det handla altså om å sikra handelsvegen. Frå 800-talet vart riket meir samla, Harald Hårfagre var konge. Handelsfolka gjekk i allianse med kongane på Vestlandet. Dette gjorde det vanskelegare for piratane – som måtte finna nye jaktmarker. Dei reiste vestover.
Piratane som låg på lur sørover langs norskekysten levde av å plyndra, og dei plyndra handelsfolk som kom nordfrå med mellom anna bryne i lasta. Slik kunne dei overta varene som skulle seljast, eller kanskje helst bytast, lenger sør i Europa.
– Kva er eigentleg ein viking?
– Det var ein sjøfarar frå Norden som reiste på tokt og plyndra. Men det er viktig å tenkja på at dei aller fleste folk i Skandinavia på denne tida var bønder, seier Baug.
I vest, både i Irland, Skottland og England, visste ein om at det fanst store verdiar i kyrkjer og kloster. Baug har tidlegare fortalt om at vikingferdene til særleg Irland i hovudsak skjedde frå Vestlandet.
Sjølv om vikingane plyndra, har det nok òg gått føre seg handel.
– Skriftkjelder fortel oss at ulike fangstprodukt som pels, huder og kvalrosstenner vart frakta vestover. I det arkeologiske materialet i irske og anglo-saxiske områder finn me òg klebersteinskar frå Noreg – og faktisk ser det ut til at bryna også vart eksportert vestover, forklarar Baug.
– Geologien gir bitar i eit puslespel som arkeologien tek vidare, seier Jansen.
No skal både han og Baug vera med i Gitte Hansen sitt forskingsrådsstøtta prosjekt om kaupangen Borgund, som vart borte.
Artikkelen om vikingane heiter «The Beginning of the Viking Age in the West», og er publisert i tidsskriftet Journal of Maritime Archeaeology, som er eit nivå 2-tidsskrift.
– Vanlegvis vert ein vitskapeleg artikkel lasta ned kanskje 200-300 gongar, men denne har over 4000 nedlastingar, og eg ser at artikkelen har vorte mykje kommentert på twitter. Det er veldig kjekt, smiler Baug.