Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kjemiske analysar og DNA-prøvar kan gje innsikt i korleis sotraværingane levde for tusenvis av år sidan. – Me har mykje breiare grunnlag å trekka slutningar på i dag, enn me hadde for berre 10 år sidan, seier prosjektleiar Leif Inge Åstveit.
På Bildøy vest har arkeologane akkurat kome tilbake i arbeidskleda etter ein to vekers lang ferie.
Til saman skal 12 busettingar langs traseen på Sotrasambandet undersøkast, og over 20 arkeologar vil vera i sving på det meste.
Dei starta arbeidet i mai i år - og skal halda på ut august. Det skal også gravast sommaren 2018.
Med sine 1200 kvadratmeter er lokasjon 13 på Bildøy vest den aller største. Der heldt dei no på å grava ut ein buplass frå siste halvdel av eldre steinalder.
Les også: Ingen krisestemning i humaniora
– Staden her var attraktiv å busetja seg på fordi Bildøystraumen gjekk forbi. Vatnet gjekk mykje høgare enn det gjer no, og det gjekk ei strand nede langs buplassen. Bildøystraumen var viktig for plasseringa av buplassen, seier Kim Darmark.
Han er feltleiar for utgravingane på Bildøy Vest, og har med det ansvaret for det største området som skal gravast ut.
– Det er veldig spennande, det er ein veldig stor plass. Mange steinalderbuplassar er små og avgrensa. Men denne er større enn normalt, med over 1200 kvadratmeter.
Då tar det tid å grava ut alt.
– Me har mykje igjen. Det representerer mange tusenår med busetting som har følgd den vikande strandlinja. Den buplassen me heldt på å grava i no er frå om lag 5000 år før Kristus. Men me har ei eldre busetting lenger oppe som kanskje er frå år 9000 før Kristus. Det har budd menneske her gjennom hele forhistoria, seier Darmark (bildet).
Gjenstandane dei har grove fram vitnar om marin tilpassing, men dei har også funne ting brukt til jakt og fangst på land.
– Det finst mange plassar som er lik denne. Men det som er spesielt med dette området er at det må ha vore eit svært ressursrikt område, med stor tilgong på fisk mellom anna. Me har primært to ulike funnområde, eit på om lag 11 meter over havet, og eit på 12-13 meter over havet.
Arkeologane har funne store mengder skraper, brukt til å skrapa skinn eller tre med, lange pilspissar i skifer som ein har slipt, og dei finn også svært mykje restar etter produksjon av verktøy.
På 12-13 meter over havet finn arkelogane eldre ting.
– Me finn mykje restar etter mikroflekkeproduksjon, og avlange kvasse flintbitar som ein bruker til å legga inn i bein eller treskaft. Det kan brukast som knivar og jaktvåpen. Og så finn me mange fiskesøkk i området.
Dette fiskesøkket er om lag 6500 år gammalt.
Arkeologane har også funne brente bein, noko som er uvanleg.
– Dei forsvinn ofte, eller rotnar vekk. Me håpar dei kan gje betre innblikk i økonomien; korleis ein forsørga familien, kva ein har jakta på - om ein til dømes har jakta på fugl eller fisk, og kvifor ein har vore på denne plassen, seier Darmark.
Utgravingane vil halda fram våren og sommaren 2018 også, noko Darmark fortel er svært nyttig.
– Då kan ein analysera det ein har funne om vinteren, og komma tilbake neste vår. Då har ein gjerne tenkt ut spesifikke problemstillingar, og ein kan tilpassa metodikken til det ein vil finna ut.
Vêrgudane har ikkje vore på arkeologane si side så langt under utgravingane.
– Me er ute heile dagen, i regn og sol og all slags vêr. Juni var triste saker, men me har telt me kan jobba under. Og så har me har gode regnklede. Det som er vanskeleg er at ein gjerne vil fotografera, skriva og dokumentera. Det er litt verre å få til når det er blautt og gjørmete, seier Darmark.
Godt foto-vêr er også ganske viktig.
– Det beste er overskya vêr, då er det lettast å fotografera. Me bruker ein ny metode kalla fotogrammeti, kor me fotograferer alt, slik at me kan bygga 3D-modellar. Det krev at det er gode fotoforhold, med lite sol og ikkje så mykje skugge. Elles blir det problematiske bilde.
Med 26 regnvêrsdagar i strekk i juni, har kanskje ikkje utekontor vore det mest ideelle akkurat denne sommaren innrømmer desse feltassistentane. – Med regnrekord i Bergen, så har det vel vore litt mindre kjekt. Men samstundes er det deilig å vera ute og bevega seg, og ikkje sitta stille på eit kontor, seier Helene Pettersen (t.h.) og Isabell Furesund.
I grøftene som blir grave ut på Bildøy, kan ein sjå at det er lag av jorda som er mørkare enn resten.
– Dette mørke laget nedst er eit kulturlag. Det blir danna ved aktivitet på flaten her gjennom mange tusen år. No har me datert det nedste laget. Me har funne brent kull og slikt. Det er cirka 6500 år gammalt. Det var forventa. Me veit temmeleg nøyaktig kor høgt havet stod når buplassen var i bruk. Nå sjølinja trakk seg nedover, følgde busetnaden etter, seier prosjektleiar for utgravingane på Sotrasambandet, Leif Inge Åstveit.
Med ein kostnad på 30 millionar kroner for prosjektet, håpar Åstveit at funna frå utgravingane kan bli nyttige i eit forskingsperspektiv.
– Me håpar på at me kan jobba vidare med dette, og at det folk som vil gripa fatt i materiale - på både master- og doktorgradsnivå. Dette vil gje oss ny kunnskap om problemstillingar som ein tradisjonelt sett har jobba mykje med på UiB – nemleg marin tilpassing. Det som skjer no er at me har fått nye innfallsvinklar, for eksempel kjemiske analyser, og me kan gå mykje meir i djupna på kva folk har spist og korleis dei har endra seg i forhold til årstidsvariasjonar med tanke på mat. Me har mykje breiare grunnlag å trekka slutningar på i dag enn me hadde for kanskje berre 10 år sidan, seier Åstveit.
Prosjektleiar Leif Inge Åstveit viser fram det tjukke <<kulturlaget>> som inneheldt mykje informasjon for arkeologane.
Dette er ei av dei største utgravingane UiB har gjort noko sinne.
– Det er eit stor prosjekt, heilt klart. Knytt til denne utgravinga har me ei styringsgruppe som består av forskarar frå heile Noreg, men også internasjonale forskarar. Me har geologar og botanikarar inne i prosjektet blant anna.
Det tjukke kulturlaget som dei har fått datert, har dei særlege forhåpningar til, fortel Åstveit.
– Det har lagt ganske beskytta, og me håpar at ein kan jobba vidare med å ta kjemiske analysar av det. Viss me er heldige, så kan me kanskje jobba med DNA-analysar også. Då kan me sjå på DNA-samansetnaden i kulturlaget for å sjå kva dyreartar som har avsett dette her. Det er ein endeleg målsetnad, men det er ein lang veg fram dit.
Åstveit har jobba med å planlegga heile prosjektet i tett dialog med Vegvesenet og Riksantikvaren.
– Vil de rekka å bli ferdige i løpet av 2018?
– Me er vant til å jobba innanfor ganske strenge tidsregimer, og Vegvesenet ventar ikkje på oss. Då skal det ligga eit Osebergskip nedi her, det er på det nivået. Dei byrjar når dei byrjar, då må me vera ferdige, fortel prosjektleiaren.
– Du trur ikkje de vil finna noko sensasjonelt?
– Det er ingenting som tyder på det. Dette ser ut til å vera ein klassiske vestnorsk steinalderbuplass, som ligg i tilknyting til straumane. Slik har dei lagt mange stader rundt om. Men viss ein køyrer nordover no, og ser kor nedbygd alt er, så byrjar det å bli ganske få stader som har akkurat denne plasseringa her som ikkje det står hus på eller kor det går ein veg. Slik sett er det veldig viktig å sikra så mykje som mogleg av dette, seier Åstveit.