Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Veksthuset i muséhagen er freda, men i så dårleg stand at Riksantikvaren ikkje er negative til å riva det og bygga nytt.
Det er ein gjeng menneske samla inne i veksthuset i muséhagen – utan hjelm. Det er eigentleg ikkje lov.
— Men det har berre ramla bitar av taket i storm, roar førsteamanuensis Torsten Eriksson.
Det seier likevel noko om tilstanden. På utsida står det plakat om at veksthuset er stengt for publikum. Slik har det vore i over tre år.
«Veksthuset er i så dårlig stand at det er fare for sikkerheten for både mennesker og planter», skriv Riksantikvaren i eit brev til Universitetet i Bergen. Difor er dei positive til noko ein ikkje plar få gjera med eit freda bygg: Riving.
«Riksantikvaren vurderer derfor at en transformasjon av veksthuset, for å tilrettelegge for et bredt publikum og en hensiktsmessig drift, ikke er i strid med formålet med fredningen eller vil medføre et vesentlig inngrep i det fredete kulturminnet», heiter det vidare i brevet.
Det er difor det er mange menneske samla ved Veksthuset denne junimorgonen. Gudrun Molden og Daniel Brookfield frå HLM Arkitektur skal teikna dei første skissene av korleis det nye veksthuset kan verta.
— Det skal verta eit hus som er optimalt og vakkert – og magisk å koma inn i, seier Molden.
— Med universitetsaulaen og museet som snart skal opna att, har hagen òg vorte meir tilgjengeleg. Eg tenkjer at veksthuset vil vera nok eit bygg som er viktig for publikum, seier ho, og seier at ho ser føre seg eit bygg med arkitektonisk ny form, som skal vera universelt utforma.
Veksthuset er ein del av muséhagen og vart bygd i 1900. Etter den gong er det bygd på fleire gongar. På innsida finn ein dei plantane som ikkje kan klara seg utandørs i det norske klimaet. Palmane strekkjer seg heilt til taket, og lufta er fuktig. I dag er bygget delt i tre hovudsoner og ei lita ekstrasone, men Eriksson ønskjer seg fire i det nye bygget.
— I dag er det to tropiske avdelingar og i tillegg ei avdeling middelhavsplantar saman med ei anna sone med ørkenplantar. Desse vil eg skilja i to, slik at ein kan kjenna ei temperaturmessig endring når ein kjem inn i ørksensona, seier han, og viser fram kaktus og andre plantar som trivst der det er tørt.
Universitetsleiinga har sagt ja til eit forprosjekt. Når det er levert, vil ein kunne seia om ein skal gå vidare med eit byggeprosjekt.
— Etter at forprosjektet er ferdig og godkjent hos Riksantikvaren, kan me søkja Riksantikvaren om å få riva det eksisterande bygget. Riksantikvaren seier at bygget i seg sjølv ikkje er stor arkitektur slik det står i dag, men at veksthuset er ein særs viktig del av historia om Musehagen, seier Åse Tveitnes.
Ho er kulturminneansvarleg ved UiB.
Riksantikvaren skriv at dei forventar at ein transformasjon av dagens veksthus vil vera av ein slik kvalitet at det er anlegget verdig, og ein likeverdig nabo til dei flotte byggverka Naturhistorisk museum og Gartnerboligen.
«Kvalitet i materialvalg, detaljering og tekniske løsninger er derfor avgjørende for et godt prosjekt, og for at Riksantikvaren skal gi sin endelige godkjenning til prosjektet», heiter det.
— Riksantikvaren har sagt at me skal ta vare på fotavtrykket og på den funksjonen veksthuset har, seier Henrik von Achen.
Han er direktør ved Universitetsmuseet, og omtalar seg sjølv som meir enn middels oppteken av veksthus – han trakka sine barnesko i Botanisk hage i København.
Inne i veksthuset er fliser og rister originale. Men elles har bygget vorte bygd på i fleire omgangar. Arkitekt Molden er oppteken av at det skal verta eit bygg der ein kan sjå inn.
— Og så må ein ha den avskjerminga ein treng for plantane, seier ho.
Mellom 12 og 15 millionar – pluss moms – er det rekna at eit nytt veksthus vil kosta. Då skal ein halda seg innanfor den same tomten som ein har i dag.
— Planen er at forprosjektet skal vera ferdig tidleg på nyåret, seier senioringeniør Odd Erling Hjøllo frå UiB si eigedomsavdeling.
Han seier at det er alt det tekniske utstyret, særleg knytt til temperatur og lys, som gjer at bygget får ein temmeleg høg kvadratmeterpris.
— Men dette er kortreist lukke. Det vert eit lågt CO₂-avtrykk av å vera i jungelen her, seier Molden.