Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Samtidsensemblet BIT20 gir heile notearkivet sitt til UiB. No kan partitura lånast frå musikk for samfunnsvitskap og musikk.
Tre kvinner stablar tunge kassar oppå to traller og kjører dei inn i den gigantiske heisen i Grieghallen. Oppi kassane er det til saman 1 150 notesett, truleg om lag 1 000 enkeltverk. Dei er på veg frå kjellaren i Grieghallen til Universitetsbiblioteket, nærare bestemt bibliotek for samfunnsvitskap og musikk.
– Det er ingen vits i at me har 1 000 partitur berre for oss. Til no har me fått eit partitur inn i samlinga kvar gong me har spelt eit verk. No er det meir vanleg å kunne leiga dei verka me vil bruka.
Det seier Trude Bruket, dagleg leiar i BIT20. No donerer ensemblet heile notesamlinga si til UiB.
Alt er neppe gitt ut
BIT20 spelar samtidsmusikk. I arkivet deira finst både norske og internasjonale verk, samla gjennom dei 25 åra ensemblet har eksistert. Her finst verk av anerkjende nordiske komponistar, og her finst nokre versk som truleg ikkje er gitt ut.
– Me har mellom anna funne eit norsk verk som vart framført i 2008 som truleg ikkje er gitt ut, seier Bruket.
Kirstine Folmann er universitetsbibliotekar og fagansvarleg for musikkvitskap, musikkterapi og utøvande musikk. Ho seier ho vil ta kontakt med Nasjonalbiblioteket for å få registrert dei verka som endå ikkje er gitt ut.
– Eg synest det er flott at arkivet vert tilgjengeleg for det enorme musikklivet i Bergen, seier Folmann.
Kan brukast av alle
Bruket er ikkje redd for at ensemblet sjølv kjem til å få dårlegare tilgang til notearkivet når det no vert donert og flytta. Ho seier at flyttinga òg har litt med plass å gjera, og litt med kapasiteten i den vesle organisasjonen.
– Mykje av verka er for sinfoniettabesetning, det vil seia 15-16 musikarar. Men det er òg ein del kammermusikk her, som er skrive for mindre grupper. Ein del av det vil eg tru er aktuelt for til dømes studentar frå Griegakademiet, seier Bruket.
Folmann skryt av at arkivet er bra katalogisert. Men det første ho likevel må gjera, er å katalogisera og registrera.
– Hylleplassen er avgrensa hos oss òg, og nokre av verka vil eg tru me har frå før. Men eg trur det me får no vert eit bra tillegg til den notesamlinga UiB allereie har.
Universitetsbibliotekar Kirstine Folmann får ansvaret for å registrera og katalogisera. – Samlinga avspeglar aktiviteten i musikklivet i byen, seier ho. Foto: Hilde Kristin Strand