Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kulturdepartementet meiner at pengane UiO har fått for å ha ansvar for Språksamlingane og Norsk Ordbok må verta med vidare dersom UiO ikkje lenger vil ha ansvaret.
I juni 1972 vedtok Stortinget å oppretta Norsk leksikografisk institutt og legga dette til Universitetet i Oslo. Bakgrunnen var at ein ville styrka ei vitskapeleg kartlegging av språket. I juni 2014 vedtok Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo at ein ikkje lenger ville satsa på språksamlingane. Då hadde instituttet allereie vedteke å ikkje setja av nye stillingar til leksikografi og namnegransking.
Men kven skal ta over ansvaret? Det siste året har ikkje gitt noko svar på det.
Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet seier til På Høyden at departementet ikkje vil kommentera dei ulike alternativa før møtet UiO no har bede om er halde.
– Men me legg til grunn at ressursane UiO i si tid fekk for å forvalta ordbøker og språksamlingar, følgjer med oppgåvene om dei vert flytta til ei anna verksemd, seier Borgundvaag.
– Frå forsking til kultur
I eit brev frå Universitetet i Oslo til Kulturdepartementet, som vart sendt like før påske, er det løysinga der Nasjonalbiblioteket tek ansvaret for å gjera språksamlingane tilgjengelege og digitaliserte som vert lagt mest vekt på. I brevet heiter det at denne løysinga vil kreva tre nye årsverk, medan løysinga der UiB tek over ansvaret vil kosta minst 16,9 millionar kroner i året.
– Dette vert eit opplegg for å flytta forskinga frå universitetssektoren til kultursektoren. Eg kan ikkje skjøna at nokon i vår sektor er for dette, seier Johan Myking.
Instituttleiaren for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium vert kanskje den som kjem til å få ansvar for språksamlingane dersom dei vert flytta til UiB.
Myking seier at løysinga som vert skissert er eit opplegg for deponering, og at ein avstand mellom dei fysiske samlingane og forskinga ikkje vil fremja forsking.
– Kva tenkjer du om UiO sitt fokus på økonomi?
– Det burde ikkje vera dei som var opptekne av pengar, dei bør vera opptekne av forsking, seier Myking.
Han understrekar at han ikkje trur at UiO si meining er å hindra at UiB får ansvaret for språksamlingane.
– Eg tolkar brevet som at dei er på jakt etter ei løysing, og at lågare kostnader då er eit argument.
Ønskjer avklaring
I Oslo ventar instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen på tilbakemelding frå Kulturdepartementet. Han seier at arbeidet med oppfølging av vedtaket i ILN sitt styre er komplekst, og at det er naturleg at det tek tid. Samstundes meiner han at det er viktig å få ei avklaring så snart det let seg gjera.
– Kvifor har de fokus på økonomi i brevet til departementet?
– Det økonomiske aspektet er viktig fordi det krev ressursar å forvalta samlingane på ein fagleg forsvarleg måte. Det er ikkje gitt kor desse ressursane skal hentast frå, og då er det viktig å ta stilling til økonomien i ulike løysingsalternativ, seier Kristoffersen.
Han seier at det er viktig at samlingane er allment digitalt tilgjengelege for ulike framtidige behov, og at Nasjonalbiblioteket er den institusjonen i Noreg som har størst kompetanse på dette området. Dette er grunnen til at UiO meiner at Nasjonalbiblioteket er den beste løysinga for språksamlingane. – Ei slik løysing vil òg vera i tråd med dei oppgåvene Stortingsmelding 35 “Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” formulerer for Språkbanken, som ligg ved Nasjonalbiblioteket.
UiO er ikkje samde i at pengane skal følgja med ansvaret for samlingane.
– Dette er eit uavklart spørsmål og må takast opp med dei respektive depratementa, seier Kristoffersen.
– Saka lever
Det er Kulturdepartementet som er involvert i saka frå regjeringa si side, sidan Språkrådet ligg under dei. Men Kunnskapsdepartementet eig universiteta, og slik òg kanskje språksamlingane.
– Eg har allereie informert mine overordna om utviklinga i saka. Kanskje bør dei no ta kontakt med Kunnskapsdepartementet. Dialogen der må skjerpast, seier Myking.
UiB-rektor Dag Rune Olsen har tidlegare vore tydeleg på at det er uaktuelt å ta over ansvaret for samlingane utan at det følgjer pengar med.
– Når statssekretæren no seier det same, vert dette ei sak som må avgjerast mellom UiB og eigaren av UiB, altså Kunnskapsdepartementet. Eg ser det slik at saka lever, seier Myking.
Saman med Åse Johnsen, instituttleiar for Institutt for framandspåk, har han tatt til orde for at tematikken «kulturarv og kulturmøte» bør vera satsingsområde for UiB. Myking meiner òg at ei arkivklynge bør høgare opp på dagsorden. Saman med Anne Bang (førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap) skreiv han i november eit lesarinnlegg om digitalisering av UiB sine mange arkiv. Før påske vart det arrangert eit seminar med same tema, og no vert det truleg sett ned ei arbeidsgruppe frå fakultetet.
– Uansett om me tek over samlingane frå Oslo bør me få våre eigne ressursar opp og fram, seier instituttleiaren.