Prosjektet Arven etter Nansen skal gje ei betre forståing av eit arktisk klima- og økosystem i endring. Foto: Wikimedia

UiB vil vere sterkast på arktisk forsking

UiB vil byggje Noregs sterkaste miljø for forsking og utdanning på nordområda.

Publisert

Universiteta i Bergen og Tromsø har konkurrert om å vere leiande på forsking i nordområda. I ei bibliometrisk måling av publiserte vitskaplege artiklar i 2016 var UiT- Norges arktiske universitet på 8. plass i verda, mens Universitetet i Bergen var på 13. plass. Til gjengjeld ligg UiB langt framfor UiT når det gjeld siteringar, med ein 7. plass mot 23. plass for UiT. Universitetet i Oslo hamnar her på 14. plass, og Norsk polarinstitutt på 19. plass.

Humanist, vitskapsmann og samfunnsaktivist

Eit internasjonalt panel fann i 2017 ut at Noreg var den femte største polarnasjonen på vitskapleg vurdering, og på tredjeplass for Arktis. Polarforskinga i Noreg er for oppdelt, og ligg eit steg bak Noregs kommersielle og geopolitiske ambisjonar, meinte ekspertpanelet.

Men no vil UiB med ein ny handlingsplan ta eit sterkare grep om Arktis:

— Nansen var ein vitskapsmann, samfunnsaktivist og humanist. Vi har vald å kalle handlingsplanen vår for nordområda for Nansenprogrammet fordi det inneheld alle desse tre dimensjonane, sa viserektor Annelin Eriksen då ho la fra planen for universitetsstyret torsdag.

Målet er klart definert i planen: «UiB skal bygge Norges sterkeste forsknings- og utdanningsmiljø for nordområdene.»

Avgjer vinteren i Beijing

— Klimaendringane er tydelegare og meir dramatiske i Arktis. Og det betyr noko, ikkje berre for Arktis, men for heile verda. Klimaforskarane seier at det er ei direkte kobling mellom vinteren i Arktis og korleis vinteren blir til dømes i Beijing, fortel Eriksen.

Den arktiske satsinga er delt i fem:

Dag Rune Olsen vil ha meir geopolitikk om polområda, og ønskjer sjølv at UiB skal vere sterkast i Arktis. Foto: Dag Hellesund
  1. Byggje ny kunnskap om tilhøve rundt klimautfordringar og samfunnsutvikling.
  2. Komplettere naturvitskapleg forsking med historiske, politiske, samfunnsmessige, kulturelle, juridiske og vitskapskritiske perspektiv.
  3. Etablere eit miljø for internasjonale relasjonar og geopolitikk.
  4. Utvikle og utvide samarbeid med andre nasjonale og internasjonale aktørar og institusjonar.
  5. Auke ekstern finansiering, særleg gjennom EU og Forskingsrådet.

Går for geopolitikk

Planen fekk full støtte i styret, sjølv om det òg blei stilt spørsmål ved om det var tenkt å tilføre planen friske pengar for å satse. Det må bli opp til forskingsmiljøa og budsjetta, var svaret.

Tanken om å gjere satsinga endå breiare enn ho er i dag blei godt mottatt:

— Vi bør til dømes byggje oss opp på geopolitikken i nordområda. Det har vi tidlegare vore leiande på, sa rektor Dag Rune Olsen.

Powered by Labrador CMS