Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
SI tredje etasje på John Lunds plass, like ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, ligg Arne Bjørndals samling. Felespelaren frå Nordhordland samla inn feleslåttar frå om lag år 1900 og fram til han døydde i 1965. Samlinga, som er ein del av Griegakademiet, inneheld mellom anna 3 000 noteoppskrifter som Bjørndal har notert. I tillegg finst det 20 000 manussider.
— Dei skildrar heile kulturen rundt slåttane, seier Silje Solberg.
Ho er utdanna frå Ole Bull-akademiet, og har no gitt ut ei ny innspeling av slåttar frå Norhordland. Dette er den tredje i rekka som vert gitt ut, alle har henta materiale frå Bjørndals samlingar. Denne gongen er slåttane frå Osterøy.
— Kva er eigentleg ein slått?
— Det er ein dans, dei melodiane ein spelte på fela. Slåttar er til dømes springar, rull og halling, forklarar Solberg.
Rundt år 1900 begynte Arne Bjørndal å læra seg notar. Dei gamle slåttane var ikkje så moderne lenger, no ville folk heller spela vals og reinlender.
— Han noterte ned slåttane. I 1955 fekk Bjørndal bandspelar, frå då vart det den viktigaste dokumentasjonsmetoden, seier Sigbjørn Apeland.
Han er førsteamanuensis ved Griegakademiet.
Silje Solberg
Bjørndal bestemte seg altså for at folketonane ikkje skulle gå tapt. Frå siste halvdel av 1800-talet kom trekkspel og torader, instrument som mange skaffa seg.
— Når det gjeld dei gamle slåttane, vart mykje overført i familiane. Men ein vart ikkje skikkeleg felespelar utan å læra hos ein meister. Då sat ein saman med meisteren og høyrde kva denne spelte. Så gjentok ein sjølv, seier Solberg.
— Det er framleis slik ein lærer å spela hardingfele, sjølv om opplæringa no ofte skjer via kulturskular, legg ho til.
CD-en som no er gitt ut, var eigentleg ei oppgåve Solberg skreiv då ho var bachelorstudent ved Ole Bull-akademiet. Men prosjektet vart større enn det.
— Eg har prøvd å spora opphavet til slåttane, og har kome til tidleg 1800-tal. Lenger enn det er ikkje slåttar dokumentert, seier Solberg.
Den eldste hardingfela ein veit om, er frå 1651.
— På Osterøy snakka ein om noko dei kalla «jie». Det trur ein var ei tidleg fele, seier Solberg.
Slåttane vart spela i bryllaup og i andre samanhengar der folk samlast. Hadde ein ikkje spelemann, kunne ein driva med såkalla slåttetrall. Då song ein til dans.
Apeland viser fram ei fele laga av ein gamal sigarkasse. Det var slett ikkje uvanleg at ein nytta det ein hadde dersom ein ønska seg eit instrument.
Apeland fortel at Arne Bjørndals samling er nytta både av amatørmusikarar, lokalhistorikarar og til forsking. Ein vil finne materiale som andre enn Bjørndal har samla inn, men alt er knytt til folkemusikk.
-Det var fleire andre som samla inn folkemusikk samstudens med Bjørndal. Dette var i den nasjonalromantiske perioden, og folkemusikk var ein viktig del av identietsbygginga, seier førsteamanuensen.
Arne Bjørndals samlinga var først ein del av etno-folkloristisk arkiv, men har frå 1997 vore ein del av Griegakademiet.
-NRK begynte tidleg å gjera opptak av folkemusikk. Det er òg ein viktig del av dokumentasjonen, seier Apeland.