Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Over 100 UiB-tilsette deler av kunnskapen sin på Store norske leksikon. — Ein viktig del av vår formidlingsoppgåve, seier professor Erik Bjerck Hagen.
— Me prøver å ha balanse når me skriv, men heilt objektivt blir det jo aldri. Ein skal gjerne prøva å krydra det litt, slik at det ikkje blir alt for tørt og keisamt, seier professor i allmenn litteraturvitskap, Erik Bjerck Hagen.
Han er ein av 35 fagansvarlege i Store norske leksikon ved UiB. Til saman har dei ansvaret for 102 fagområde og 5726 artiklar, er lest over 1,4 millionar gongar så langt i år.
I tillegg er det 80 andre artikkelforfattarar som er, eller har vore, tilknytt UiB.
Bjerck Hagen (bilde) har mellom anna skrive artiklar om Agnar Mykle, Knut Hamsun og Henrik Ibsen.
— Det er eit kjekt arbeid, det er jo ein viktig del av vår formidlingsoppgåve. Men det er også utfordrande å skriva dei, det skal vera korrekt, og så er det jo krav til ein del pedagogikk i ein sånn type artikkel.
UiB gjekk på tampen av 2014 inn som deleigar av SNL saman med alle dei andre universiteta i Noreg. Dei bidreg med ein sum kvar.
Summen på kontingenten blir bestemt etter talet på årsverk ved institusjonen som speglar kor mange potensielle fagansvarlege dei kan ha i leksikonet. UiB bidreg med 1,6 millionar kroner i året.
Modellen byrjar å verka
Sjefredaktør i SNL, Anne Marit Godal, er glad ho fekk universiteta med på laget.
— Me ser at modellen me har funne byrjar å verka. Det som ein gong var ein hårete visjon om at alle dei vesentleg store kunnskapsprodusentane skulle delta i formidlingsdugnad saman på nett, er no blitt ein realitet. I internasjonal samanheng er dette unikt.
Det er likevel ein jobb å få forskarane interesserte.
— Me opplever at hovudutfordring nummer ein, er å få alle som er i kunnskapsmiljøa til å forstå kor mykje dei potensielt kan bli lest. Ein har framleis eit fokus på å få produsert ting som blir sett i eigne miljø, me me skulle ønska at folk såg verdien av dette arbeidet. Samfunnsverdien av å laga ein artikkel som blir lest 20 000 gongar i løpet av eit år, er stor. Nokon blir jo også lest mykje meir enn det.
Ho har tru på måten stiftinga no er organisert på.
— Modellen med medeigarskap er berekraftig så lenge universiteta ønskjer å gripe definisjonsmakt i nettsamfunnet. I tillegg er det eit politisk ønskja tiltak, der kulturpolitikarane gjennom ei støtteordning har inngått i spleiselaget med kunnskapsprodusentane.
Sjefredaktør i Stor norske leksikon, Anne Marit Godal.
— Like mykje lest som Wikipedia
— Korleis ser de på konkurransen med Wikipedia?
— Artiklane til Wikipedia dukkar automatisk opp først på Google viss dei har noko på emnet. Søkemotorane treng eit fyrstetreff som er internasjonalt. Ein kvar algoritme vil ønska å integrera seg med noko som kan gjelda i alle land.
Men ifølge Godal er fagartiklane deira like mykje, eller meir, lest som Wikipedia sine.
— På artikkelnivå er me like mykje lest som Wikipedia, men me har jo ikkje så mykje populærkulturelt stoff, så Wikipedia tek seg av Justin Bieber-biten. Og så er det jo klart at SNL-artiklane er kvalitetssikra på ein heilt annan måte.
Dei har god plass til fleire som vil involvera seg i arbeidet.
— Leksikonet har tradisjonelt vore veldig Oslodominert. Så om det er ulike kunnskapsmiljø i Bergen som ønsker å vera med å formidla, blir me veldig glade for å få kontakt med dei.