Professor Arve Egil Asbjørnsen er med på ein europeisk aksjon for å betre kompetansen på språkvanskar hos barn. Kring eit av ti norske barn har slike vanskar.

Går til aksjon mot språkvanskar hos barn

Publisert

5,8 millionar barn i Europa har språkvanskar, men kunnskapen om problema og korleis dei kan løysast er ujamn. No blir UiB-forskarar med på ein forskaraksjon for å hjelpe ungane.

Saman med ei rekkje forskarar frå ulike europeiske land har Arve Egil Asbjørnsen blitt med i ein aksjon. Målet er å hjelpe barn med språkvanskar betre.

– Noko av det viktigaste er å dokumentere at arbeid med språkvanskar hos barn faktisk har noko for seg, og kartleggje kva som finst av kompetanse, seier Asbjørnsen til På Høyden.

Viktige samfunnsoppgåver
Arbeidet er organisert som ein COST aksjon. European Cooperation in Science and Technology (COST) er det eldste finansieringsprogrammet i EU, og finansierer forskingsnettverk, ikkje forskingsprosjekt. Felles for aksjonane er at dei kjem på initiativ frå forskarmiljøa, og at dei tek sikte på å løyse ei viktig samfunnsoppgåve innan vitskap og teknologi.

36 land er invitert med i nettverket «Styrking av barns muntlige språkferdigheter på tvers av Europa: et samarbeid som fokuserer på intervensjoner for barn som har vansker med å lære sitt førstespråk», og så langt er 18 land med. Arbeidet blir leia av professor James Law ved Newcastle universitet i Storbritannia, som og har tatt initiativet. I tillegg til Asbjørnsen frå UiB er professor Mila Vuchanova, NTNU og førsteamanuensis Janne von Koss Torkildsen, UiO, og Marianne Klem frå Statped Øst med frå Noreg.

Møtest sjeldan
Aksjonen skal byggje på såkalla evidensbasert praksis, der den beste tilgjengelege forskinga og klinisk ekspertise blir sett i samanheng med eigenskapar, kultur og preferansar hos pasienten. Framgangsmåten er mykje brukt i psykologi og pedagogikk.

Når det gjeld språkvanskar hos barn og unge ser forskarane at det er effektivt å gripe inn og hjelpe dei, men kunnskapen er ikkje kjent nok, og tilbodet til barna er varierande. Mange ulike faggrupper som logopedar, lingvistar, pedagogar og psykologar jobbar med barna, men dei ulike gruppene møtest sjeldan for å drøfte hjelpa barna får.

Lite fagmiljø
No vil forskarane styrke forskinga på feltet, og betre effektiviteten når ungar med språkvanskar får hjelp.

– Vi har delt aksjonen inn i tre arbeidsgrupper. Den første skal jobbe med det språkvitskaplege og psykologiske grunnlaget for tiltak med språkvanskar. Den andre vil sjå på korleis desse tenestene blir levert, og kva som virkar best. Den tredje gruppa vil sjå på den sosiale og kulturelle konteksten kring barn med språkvanskar, og korleis dette påverkar behandling og tenesteyting, fortel Asbjørnsen.

Fagmiljøa rundt språkvanskar i Noreg er små, noko som gjer det desto viktigare å samarbeide internasjonalt.

Sju prosent har vanskar
– Det er grenser for kor mykje dei små fagmiljøa i akademia kan bidra med åleine. I større språkland har ein ofte forska noko meir på ulike fenomen knytt til dette feltet. Fokus kan òg variere i ulike kulturar, seier professoren i psykologi.

Kring sju prosent av alle barn har språkvanskar. Det kan mellom anna handle om utviklinga av ordforrådet, grammatikkferdigheiter, men òg når ulike språklydar er på plass. Stamming er derimot ikkje klassifisert som ein språkvanske, og inngår i taleflytvanskar.

– Det er alltid ei utfordring å fange opp dei barna som vil ha vanskar med å tilegne seg språket. Denne aksjonen skal munne ut ein større kunnskap om tiltak og behandling av språkvanskar hos barn. Nettverket har eit relativt ambisiøst mål, men med så flinke folk som er med vil vi klare mykje på fire år, trur Arve Asbjørnsen.

 

 

 

Språkvanskar

Fram til dei er seks år lærer barn kring 14 00 ord, og frå to års alder byrjar dei å setje saman ord til små setningar.

Eit godt språk og ei normal språkutvikling føreset ein vellukka kombinasjon av tre komponentar:

  • Innhald (meining)
  • Form (struktur og grammatikk)
  • Bruk (samspel og kommunikasjon med andre)

Barn med språkvanskar slit med ein eller fleire av komponentane, og dette kan visast ved at dei har få ord, snakkar lite, eller har utydeleg tale. Vanskane kan ha samanheng med høyrevanskar, ulike syndrom, psykisk utviklingshemming, generell forseinking i utviklinga, forseinka språkutvikling, prematur fødsel, kulturelle tilhøve, understimulering eller skader som trafikkskader eller infarkt.

Språkvanskar som ikkje kan forklarast med andre faktorar av typen som er nemnde over, blir kalla spesifikke språkvanskar. Dei kan ikkje kurerast heilt, men kan avhjelpast ved at ein tilpassar miljøet rundt barnet.

Nokre språkforskarar meiner at 10-15 prosent av alle barn har forseinka språkutvikling i tidleg alder, og av desse har 3-7 prosent spesifikke språkvanskar. Ei norsk undersøking (L. Hollund-Møllerhaug, UiB, 2010) viser at eit av ti norske barn har språkvanskar, basert på foreldrerapportering.

Kjelde: Statped

Powered by Labrador CMS