Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med seg i styret får han mellom anna Aina Berg, administrerande direktør i Uni Research.
Arvid Hallén får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland. Dei eksterne styremedlemmene for Høgskulen på Vestlandet (HVL) er oppnemnde av Kunnskapsdepartementet.
I tillegg til medlemmene departementet har valt, skal styret og interimsstyret ha medlemmer som er valde av dei tre høgskulane.
− Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare. Eg er trygg på at dette vil gje Høgskulen på Vestlandet ein god start, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Fusjonen skal formelt tre i kraft ved årsskiftet. Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet i perioden frå 1. januar 2017 til 31. juli 2019.
− Høgskulen på Vestlandet har fått dyktige styremedlemmer som skal jobbe med den historiske samanslåinga. Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier Røe Isaksen.
Dette er dei eksterne styremedlemmene:
Arvid Hallén: Administrerande direktør i Noregs Forskingsråd fram til 1. mars 2017.
Kari Kjenndalen: Tidlegare styreleiar for Høgskolen i Sør-Trøndelag, tidlegare administrerande direktør for Høgskolen i Lillehammer.
Aina Berg: Administrerande direktør i Uni Research AS. Styremedlem ved Høgskolen i Bergen.
Trond Ueland: Kommunalsjef i Førde kommune. Styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Gunnar Birkeland: Administrerande direktør i Polytec, dagleg leiar i Haugaland kunnskapspark AS. Styremedlem ved Høgskolen Stord/Haugesund.