Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter berre to utgåver har tidsskriftet fått heiderleg omtale frå Norsk tidsskriftforening. Denne veka kjem Røyst med sitt tredje nummer. Tema: Klasse.
«Det fremstår som et lovende, offensivt, velredigert bidrag til den norske tidsskriftfloraen. Det er lekende redigert og preget av overskudd og kunnskap. Formen det er gitt, bidrar også i stor grad til leselyst. Det har stor variasjon i formater og genre, og ikke minst i valg av temaer. Røyst utmerker seg i det å variere mellom lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Svært mange av artiklene oppleves som relevante.»
Dette skriv Norsk tidsskriftforening om Røyst. Røyst – med undertittelen Politikk og tankeleik på venstresida – er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift. Dei ønskjer å vera ei plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida. Redaksjonen er sett saman av studentar frå i hovudsak Det humanistiske, Det juridiske og Det samfunnsvitskapelege fakultetet, men knyter òg til seg eksterne skribentar.
– Trefte ein nerve
– Det skal seiast at me ikkje nødvendigvis er det nest beste tidsskriftet i Noreg etter Vinduet, som vart kåra til årets tidsskrift. Ein gir ofte heiderleg omtale til eit meir uetablert tidsskrift, seier Preben Sørheim, som var redaktør for den andre utgåva.
– Å få denne utmerkinga var overraskande, det var ikkje det me såg føre oss då me starta. Men eg trur me trefte ein nerve. Me ville etablera eit intellektuelt tidsskrift på Vestlandet, ein motoffensiv, seier Gøran Østerman Thengs, som var redaktør for den første utgåva.
Han peikar på gode meldingar i fleire aviser og stadig fleire følgjarar som like viktig som den heiderlege omtalen.
Klasse og klassekamp
Fredag er det sleppfest for den tredje utgåva av Røyst. Denne gongen er det Astrid Hauge Rambøl som er redaktør. Temaet denne gongen er «klasse».
– Me har ein flat struktur i redaksjonen, og etter ein lang diskusjon kom me fram til tema. Som sosiolog er eg sjølvsagt godt nøgd med valet, smiler Rambøl.
Ho understrekar at Røyst ikkje heiar på revolusjon.
– Men venstresida har historisk vore opptekne av og tufta på klassekamp. Er kampen no over? I eit stadig meir individualisert samfunn kan det verka som om dei kollektive løysingane er trua, seier Rambøl.
– Kva moglegheit og makt ein har, kjem veldig an på kva foreldre ein har, legg ho til.
– Det er aukande økonomiske skilnader innad i Noreg. Samstundes er det mange som har ein naiv ide om at det er fullstendig sjanselikheit for alle. Det stemmer ikkje, seier Sørheim.
Redaksjonen tek kontakt med nokre dei ønskjer at skal skriva for dei. I tillegg lyser dei ut temaet og ber om bidrag.
– Eg trur nettopp denne mixen gjer at me får overskot, seier Thengs.
Nokre av dei eksterne skribentane i dette nummeret er Bergsveinn Birgisson, Warsan Ali Ismail, Magnus Hoem Iversen og Isak Lekve.
Tidlegare har mellom andre Audun Lysbakken, Bård Vegar Solhjell og Gunnar Skirbekk skrive for Røyst. I tillegg samarbeider redaksjonen med Forum for vitskap og demokrati ved UiB.
Dei tre redaktørane fortel om hardt arbeid og fleire rundar med tilbakemeldingar for å få tekstane best mogleg.
– Det er viktig å seia at det ikkje er så stor skilnad på ein uerfaren og meir erfaren skribent. Det er svært få som klarar å levera eit heilt topp førsteutkast, seier Sørheim.
Tillet bokmål
Både redaktørane og resten av redaksjonen driftar Røyst som frivillig arbeid. Den einaste som får betalt, er grafikaren. Opplaget er på 800, av dei om lag 200 faste abonnentar. No vert det jobba med å få avtalar med utsalsstader andre stader enn i Oslo og Bergen – og på Høgskulen i Volda, som ørstingen Sørheim peikar på.
I tillegg til at tidsskriftet held til på venstresida, er dei òg opptekne av språk. Leiaren, innhaldslista og andre skrivne ting rundt sjølve artiklane er skrive på nynorsk.
– Det hadde vore rart med eit vestlandsinitiativ berre på bokmål, seier Thengs.
– Det finst òg nokre vestlendingar som ikkje ønskjer å underkasta seg Bergen. Men me er veldig rause, og tillet tekstar på bokmål, smiler Sørheim.