Åtte søkarar til dekanjobben

Åtte personar vil ha stillinga som dekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Seks av dei arbeider alt på UiB.

Då fristen for å søke på stillinga som dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (mat.nat.) gjekk ut fredag 31. mai, var det kome inn åtte søknader til stillinga.

Ved forrige tilsetting trakk Dag Rune Olsen det lengste strået. Ettersom Olsen er påtroppande rektor, vert stillinga som dekan ledig frå 1. august. Kven som skal leie mat.nat., kan bli klart alt til universitetsstyremøtet 20. juni. Planane for tilsettingsprosessen har fått kraftig motbør frå instituttleiarane

Visedekan søker stillinga
Helge K. Dahle er ein av dei som søker stillinga. Dahle er professor ved Matematisk institutt og visedekan ved mat.nat. Han kunne tenke seg å halde fram med å leie fakultetet.

– Eg har arbeidd som visedekan i tre år. I denne tida har eg samarbeida godt med Dag Rune, og arbeidet har vore veldig spennande. Eg er godt motivert for å søke i denne jobben. Samtidig ser eg at det er veldig tunge søkarar til denne jobben. Så det er ein tøff konkurranse, sier Helge K. Dahle.

– Innan tre veker skal tilsettinga vere klar. Kva tenker du om tidshorisonten for denne tilsettinga?

– Som søkar til stillinga har eg godteke spelereglane. Så lenge eg er ein av søkarane har eg ingen kommentarar til søknadsprosessen, seier Helge K. Dahle til På Høyden.

Johansen: – Motivert
Geir Anton Johansen er instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi. Han vart ved førre tilsetting innstilt som nummer to. No søker han dekanjobben igjen.

– Eg er svært motivert for denne stillinga. Eg synes UiB er ein fantastisk arbeidsplass, med gode utfordringar og mange muligheiter.  Eg vil svært gjerne vere med og leie fakultetet. Eg meiner eg har ein relevant kompetanse, lang og god erfaring, og mange gode resultat å vise til.

– Kva meiner du om utsiktene til å få Dag Rune Olsen som sjef?

– Dersom eg får jobben, er det å arbeide saman med Dag Rune Olsen noko eg ville gleda meg til.

– Tre veker og åtte søkarar. Har komiteen tid til å gjere ein god tilsettingsprosess?

– Dersom dei som sit i komiteen har greitt med tid til å fokusere på tilsettingsjobben kan det vere mogleg. Eg har også forstått det slik at dersom det trengs meir tid, vil dette bli gitt.

Jarl Giske: Søker igjen
Også Jarl Giske, som endte med å verte urangert ved førre tilsetting, er å finne blant søkarane.


– Dette er ei stilling eg godt kan tenke meg fordi eg ser at fakultetet står overfor store moglegheiter i dei komande åra, og der eg som leiar trur eg vil kunne spele ei positiv rolle. Dette gjeld innan utdanning, forsking, formidling og innovasjon. Det gjeld vidare for forholdet til våre nærmaste samarbeidspartnarar og for utviklinga av Marineholmen og Søndre Nygårdshøyden, seier Jarl Giske til På Høyden.

– Har du tillit til at tilsettingskomiteen har tilstrekkeleg med tid til å gjere ein god jobb?

– Eg er ikkje sikker på om det er tida som er knappheitsfaktoren. Eg søkte dekanstillinga også for fire år sidan, og den komiteen Grønmo då nedsette endte med å rangere dei to andre søkarane og utelate meg. Det var ikkje på grunn av tidsnød.

Han meiner Dag Rune Olsen vil verte ein god leiar for dekanane. 

– Eg opplever at Olsen og medspelarane hans er opptekne av å vidareutvikle UiB, av å sjå framover mot moglegheiter og utfordringar, og til å gjere dette i samarbeid med dei som vil samarbeide med oss. Eg trur også at han har gode eigenskapar som leiar for dekanane.  

Prorektor for Grønmo 1 søker 
Anne Gro Vea Salvanes er professor ved Institutt for biologi. Ho søker også stillinga som dekan. I Sigmund Grønmo sin første periode som rektor var Anne Gro Vea Salvanes prorektor.

– Det å vere  leiar for mat.nat. er ein kjempeutfordrande  mulegheit. Realfag er svært viktig i samfunnet. Og dette er absolutt mitt fagfelt. Eg trur eg kjenner fakultetet rimeleg godt, seier Anne Gro Vea Salvanes.

– Kvifor har du søkt stillinga som dekan?

– Eg har lyst, det er difor eg har søkt.

– Det er åtte søkarar og knappe tre veker å gjere innstillinga på. Er det tilstrekkeleg med tid til å få til ein god prosess?

– Det var vel optimistisk å skulle klare det på så kort tid. Eg trur komiteen kjem til å ta den tida dei treng, og gjere ein god prosess. Men klarer dei det på så kort tid, så gjer dei det. Eg vil uansett tru det skjer ein forsvarleg prosess på denne bedømminga.

Tvilar på han er favoritt
Jan Petter Hansen, professor ved Institutt for fysikk og teknologi står også på søkarlista.

– Ti søkarar bør vere ei gladsak. Det skaper stor konkurranse om jobben og aukar sannsynlegheita  for  at dei som skal tilsette har mange gode søkarar å velje mellom. Vi har mange eksempel på at det er alt for få søkarar til viktige leiarstillingar i akademia, seier Jan Petter Hansen, og legg til at han ikkje føler seg som favoritt i denne søkargruppa.

Han har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi.

–Det å vere leiar for ein stor underorgansisasjon som mat.nat. er ei ansvarsfull og krevjande stilling som tek mykje tid.  Eg har kun jobba med fag sida april 2010, då eg gjekk av som instituttleiar. Men no føler eg meg klar for å ta ansvar igjen. Eg har mange tankar om korleis fakultetet bør utvikle seg.

Petter Bjørstad er instituttleiar ved Institutt for informatikk. Han var ikkje tilgjengeleg for kommentar i dag, tysdag.

 

To eksterne søkarar
Ilona Heldal er professor i informatikk ved University of Skövde i Sverige. Kristian Overskaug har teke doktorgraden sin ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet NTNU, og arbeider i dag som generalsekretær ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).

Her er søkarlista:
Jarl Giske, professor, UiB
Petter Bjørstad, professor/instituttleder, UiB
Anne Gro Vea Salvanes, professor, UiB
Geir Anton Johansen, professor/instituttleder, UiB
Kristian Overskaug , Generalsekretær, DKNVS
Jan Petter Hansen, professor, UiB
Helge K. Dahle, professor/visedekan, UiB

Ilona Heldal, University of Skövde

Dersom alt går etter planen, vil mat.nat. sin nye leiar verte kjent til universitetsstyremøtet 20. juni. Foto: Kim E. Andreassen

Powered by Labrador CMS