Det er stor rift om Fripro-midlane. I alt 1239 prosjektsøknader vart behandla i årets runde. Foto: Colourbox

Åtte UiB-søknader gjennom Fripro-nålauget

I fjor fekk tolv Bergens-prosjekt pengar. I år nådde elleve opp i den harde konkurransen om Fripro-midlar. Åtte av dei er frå UiB.

103 prosjekt er funne verdige FRIPRO-støtte. Elleve av forskargruppene som kan sjå fram til midlar i januar har adresse Bergen.

I fjor fekk tolv UiB-prosjekt pengar. I år er det elleve Bergens-søknader som har nådd opp i den harde konkurransen om Fripro-midlar. Åtte av dei er ved UiB, eitt ved Uni Research og to ved Nansensenteret. 

Til saman har Forskingsrådet løyva pengar til 103 prosjekt. Desse får til saman 607 millionar kroner. I fjor gjekk 455 millionar til fordeling.

Potten er auka, men er den stor nok?
– Det enklaste svaret her er det er den ikkje, seier Anne Lise Fimreite til På Høyden.
– Som breiddeuniversitet er vi sjølvsagt interesserte i at denne potten er stor. Tilgang til frie forskinsmidlar er viktig for alle våre forskarar. Spesielt viktig er det for dei delane av verksemda vår som ikkje enkelt kan søke på handlingsretta program i Forskingsrådet, EU eller andre stader, seier Anne Lise Fimreite.

Skal finansiere dei beste
Hensikta er at midlane skal støtte opp om forsking av høg vitskapleg kvalitet. Fripro er ein open konkurransearena for alle fag og disiplinar. Det vert ikkje lagt tematiske føringar eller stilt krav om umiddelbar nytte.  

Til saman har fagkomiteane behandla 1239 søknader. Forskarane som søkte i denne runden ba til saman om 8,1 milliardar kroner. Prosjekta startar opp i 2014. Dei fleste vi vare i tre eller fire år.

Fleire millionar i vente
Ytterlegare 300 millionar kroner vil verte delt ut til 22 Unge forskartalent i Fellesløftet i januar.

– Vi har store forventningar til satsinga på unge forskartalent. Det skal bli spanande å følgje desse talenta og forskinga deira framover. No frå dei høve til å følgje eigne idear og bygge opp ei eiga forskargruppe, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet til Forskingsrådet.no.

Slik er Fripro-fordelinga i år:

  • 150 millionar kroner går til 35 prosjekt innanfor humaniora og samfunnsvitskap
  • 211 millionar kroner går til 34 prosjekt innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi
  • 246 millionar kroner går til 34 prosjekt innanfor medisin, helse og biologi

 

Prorektor Anne Lise Fimreite hadde gjerne sett at det var meir pengar til fri prosjektstøtte. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Desse Bergens-søknadane får støtte:

Frinatek

  • Subduction zone Water and Metamorphism: a Modelling and Imaging Study Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen
  • Diagnostics with two-particle correlations Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen
  • Atmospheric jet variability: linking STRucture, Evolution and Mechanisms Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen
  • Paleotopography, Late Neogene and Quaternary glaciations, and landscape evolution in the Norwegian region Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen

Frihumsam

  • Sexual and Reproductive Rights (SRR) Lawfare: Global battles over sexual and reproductive rights, driving forces and impacts Institutt for sammenliknende politikk, Universitetet i Bergen
  • Indian cosmopolitan alternatives: Ritual intersections and the proscription of religious Offense Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen
  • Naturalisering, ontologi, komparasjon: Norsk Antropologisk Forenings årskonferanse 2014, Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen

Frimedbio

  • Novel Experimental Therapy Targeting Aggressive NG2+ cells in Human Brain Tumours: role of NK cell KIR-HLA ligand interactions in efficacy Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen
Powered by Labrador CMS