Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For stort fokus på resultatmåling i skulen, kan føre til at norske elevar blir dårligare på det dei faktisk er best på – nemleg demokratiforståing, meiner professor i pedagogikk, Sølvi Lillejord.
– Ved eit einsidig fokus på testing av faktakunnskap kan ein miste blikket for det som er skulens samfunnsoppdrag. Vi kan risikere å gløyme at det aller viktigaste er å utvikle den kritiske sansen til elevane, seier pedagogikkprofessoren som har forska på skule i ti år og mellom anna var med på ei evaluering av den norske lærarutdanninga i 2001. Fram til 1990-talet levde norsk skule lykkeleg utan å samanlikne seg i nevneverdig grad med andre land. Dette vart først endra då tidlegare undervisningsminister Gudmund Hernes auka den norske deltakinga i internasjonale testar på byrjinga av 1990-talet. Av desse er kanskje OECD sin Pisa-test den mest kjende. Det viste seg tydelegare og tydelegare at Noreg kom dårleg ut på dei internasjonale testane. Som følgje av dette tok den nyleg avgåtte minister for Utdannings og forskingsdepartementet, Kristin Clemet initiativ til å innføre nasjonale prøver. I følge Lillejord er det eit stort feilgrep at den skulefaglege kompetansen hjå den som er ”skuleeigar”, kommunen og fylkeskommunen, er bygd ned så kraftig at den nærmast er ikkje-eksisterande mange stader. Særleg problematisk blir dette i små kommunar. Det blir feil å legge ansvaret for dårlege resultat på den enkelte skule. Derfor er testing utan at ein samstundes har eit system for kvalitetssikring av skulane som å kaste pengar ut vindauget. Professoren viser til USA som eit skrekkdøme på kva som skjer når testane breier om seg. Skular blir lagt ned om dei ikkje klarar krava, medan ein nyttar milliardbeløp på sjølve testane. Ho er glad for at dei nasjonale prøvane i Noreg no blir stansa til dei er gode nok – og meiner det er bra at den nye kunnskapsministeren vil ha testar som kan fungere læringsstøttande. Det kan for eksempel trengs i naturfag, der det heilt klart er for dårlege resultat hjå elevane. – Det vi treng ein skikkeleg diskusjon om er lærarens oppgåver – er det som overførar av kunnskap eller skal dagens lærarar ha ei meir moderne rolle, som inneber sterkare deltaking frå eleven? Kva pedagogisk praksis vi skal legge oss på er uavklart, meiner Lillejord som trass i at ho ser store utfordringar er optimist på vegner av den norske skulen.
Ho er no aktuell med boka ”Kvalitetsarbeid i skolen” på Universitetsforlaget, saman med departementsråd i Kunnskapsdepartementet Trond Fevolden. Boka presenterer pågåande skulereformer og det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering. Lillejord og Fevolden peikar på tre skulepolitiske feilgrep som gjer det vanskeleg å få den auka kvaliteten på skulen som mange etterlyser.
– Det første feilgrepet er at vi har slutta å særbehandle skulen som samfunnsinsitusjon, det andre er at vi ikkje har våga å gjennomføre ein radikal reform for å modernisere lærarutdanninga og det tredje er at vi ikkje har utvikla eit moderne omgrep om kunnskap som grunnlag for utdanningspolitikken vår, seier Lillejord som er styrar ved Institutt for utdanning og helse.
Hernes ville måle
Tanken var at eigne nasjonale prøvar skulle gje informasjon som deretter kunne nyttast for å gjere eit kvalitetsløft i skulen. Så langt så bra. I staden for stikkprøvane ein hadde fått med dei internasjonale testane skulle alle på enkelte årstrinn testast. Dette skulle bringe fram informasjon som skulle komme lærarar, elevar og foreldre til gode.
– Denne typen testar utfordrar skulen på ein heilt annan måte enn skulen har vore utfordra tidlegare. Striden har stått om offentleggjering av dei nasjonale prøvane – ikkje minst fordi ”dårlege skular” blir sett under press og det er her eg meiner at eit av dei store feilgrepa blir tydeleg.
Skuleeigar har lite kunnskap om skule
Sølvi Lillejord meiner vidare at lærarutdanninga er alderdommeleg fordi den i for stor grad retter seg mot å undervise i fag, og ikkje i tilstrekkeleg grad legg vekt på læraryrket som ein profesjon med fokus på skuleutvikling, tverrfagleg arbeid, prosjektarbeid også vidare. Lillejord er uenig med dei som meiner at vi har fått ein ”koseskule” eller ”omsorgsskule”, tvert om meiner ho at meir kunnskap om gode læringsprosessar og evne til samhandling kan lede til betre resultat hjå elevane,
Kva pedagogisk praksis?
– Vi har det beste utgangspunktet. Elevane trivst svært godt på skulen, og det er heller ikkje sant at dei kan lite. Vi skorer midt på treet, med noko dårlegare resultat i realfag. Vi ligg på line med land som USA og Tyskland, og ein skal også ha med i reknestykket at resultatet på testane blir påverka av korleis testane blir laga. Dei som skorer veldig godt på dei resultatbaserte testane er oftast Finland og Sør-Korea. Dei som skorer veldig godt på dei resultatbaserte testane er oftast Finland og Sør-Korea. Vi skorer imidlertid godt på emne som demokratiforståing og kritisk tenkning. Derfor må vi for all del ikkje rasere det gode arbeidet som er gjort i den norske skulen, men tenke oss nøye om før vi bestemmer oss for kva tiltak vi skal sette i verk for å bli betre på dei områda vi ikkje er gode nok på, avsluttar Sølvi Lillejord