Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
John Willard Milnor er er ein audmjuk prisvinnar med eit sterkt engasjement for matematikkfaget si framtid. – Det er avgjerande å ha lærarar og forelesarar med ein lidenskap for matte, seier han.
Kvart år vert Abelprisen delt ut til ein framifrå matematikar. Tidlegare i år vart det kjent at 2011-prisen gjekk til den amerikanske professoren John Willard Milnor. I grunngjevinga frå Abelkomiteen heitte det at arbeidet hans i sin heilskap er prega av framifrå forsking, djup innsikt, levande fantasi, overraskingselement og eineståande kvalitet. Førre veke vart han feira med overrekking og ei rekke tilstellingar både i Oslo og i Bergen, og På Høyden fekk treffe ein audmjuk og takknemleg prisvinnar. – Eg er svært glad for å få Abelprisen. Det er ei fantastisk ære, seier han. I løpet av Noregsbesøket har han mellom anna fått treffe både H.M. Kong Harald og H. M. Dronning Sonja. – Det har vore ei overveldande oppleving, seier han. Nysgjerrigheit som drivkraft – Eg har stor glede av å løyse matematiske problem og trivast med prosessen. Nysgjerrigheit er ei viktig drivkraft for meg. Eg vert fenga av andre sine problemstillingar og korleis dei har klart å løyse dei, seier han. I ungdomstida sleit Milnor med å finne seg til rette på skulen. Men han fann likevel raskt ut at matematikk var eit fag han tok lett. Det var også eit svært sosialt miljø knytt til faget, som Milnor vart ein del av. – Ikkje minst hadde vi inspirerande forelesingar. Det er viktig for skuleelevar og studentar å treffe lærarar og forelesarar som brenn for faget, og som lyttar til elevane, seier han. I 1951 tok han bachelorgraden ved Princeton-universitetet. Artikkelen held fram under biletet. Abelprisvinnar John Willard Milnor og kona Dusa Mc Duff er begge framståande matematikarar. Real bølgedal – I dag vil dei beste studentane bli legar eller juristar. Matematikk har ikkje blitt sett på som så veldig glamorøst. Men her i Noreg ser de ut til å gå foran med ei satsing på realfag, seier han. – Ikkje sett som feminint Dusa Mc Duff, Milnor si kone, er sjølv ein framifrå matematikar og professor ved Barnard College ved Columbia University i New York. Ho var ei av dei få kvinnene i salen. – Det er eit misforhold mellom talet på kvinner og menn innanfor matematikken. Nord i Europa har ikkje matematikk blitt sett på som feminint, lenger sør har det vore noko betre. På den andre sida, så er det ikkje så mange kvinnelege matematikkprofessorar der heller, seier ho. Men det er på ingen måte talentet det står på, ifølge Mc Duff. Gjennom ei lang karriere har ho møtt og møter stadig usedvanleg dyktige kvinner innanfor faget. Hindringane ligg andre stader, trur ho. – I matematikken må du ha tid til å jobbe svært fokusert over lenger tid. Det er ikkje alltid like lett for kvinner, som gjerne tek større ansvar for til dømes familien. Det er ikkje eit spørsmål om talent, men om å ha høve til å velge å bruke det, seier ho. – Ein kreativ prosess – Tidlegare vart matematikk presentert som eit fag du berre måtte lære, med strenge reglar du var nøydd til å følge. I dag er innstillinga ei anna, og Abelfesten viste nettopp at matematikk er ein kreativ prosess, seier ho.
I februar fylte Milnor 80 år. Etter ei lang karriere og fleire høgthengande prisar har han likevel ikkje mista inspirasjonen.
Ifølge Milnor er engasjerte lærarar og forelesarar med sterke fagkunnskapar ein avgjerande føresetnad dersom ein skal få fleire unge til å velge ei karriere innan realfag. Realfaga er inne i ein bølgedal også i USA.
Under besøket i Bergen deltok Milnor på Abelfesten på Festplassen og heldt eit foredrag om ei av sine mest kjente oppdagingar, ei oppdaging som i si tid opna opp differensialtopologi som ei ny grein av matematikken. Eit stort publikum hadde funne vegen til auditoriet på VilVite-senteret, men svært få av tilhøyrarane var kvinner.
Også Mc Duff meiner det er viktig å satse på rekruttering til realfaga og at det å ha ein lidenskap for faget er avgjerande dersom ein skal fenge andre. Lærarar må verdsetje originalitet, meiner Milnor, og ho er samd.