– Audmjuk og glad

– Eg er svært glad for å ha fått tillit som leiar av det som kanskje er UiB sitt viktigaste fakultetet, seier den nytilsette dekanen Helge K. Dahle.

På universitetsstyremøtet på Solstrand i dag blei det klart at Dahle skal leie Det matematis-naturvitskaplege fakultet dei neste fire åra.

– Eg er audmjuk for oppgåva, er glad for å ha blitt tilsett, seier Helge K. Dahle til På Høyden.

Den nye dekanen er professor ved Matematisk institutt og kjem frå stillinga som visedekan ved mat.nat.

Vitskapsby og handlingsrom
– Kva visjonar har du for den komande dekanperioden?

– Det er mange ting å gripe fatt i. Eg har visjonar om eit fakultet som skal gjere det enda betre på eksternfinansiering, og såleis får auka handlingsrommet vårt.  Vi må arbeide for å redusere fråfall blant studentane, og gjere mat.nat. til ein attraktiv studieplass. Vidare vil eg starte ei gjennomgang av fakultetet si organisering, og legge ein god plan for korleis vi skal sjå ut i 2020. Vi har også store visjonar for det som kallast Bergen science city. Dette er noko som det noverande dekanatet har arbeidd med, og som eg ser fram til føre vidare.  

Ønskjer nytt Teknologibygg
På agendaen har han også ei opprusting av dei fysiske fasilitetane for studentar og tilsette ved fakultetet.
– Til tross for at Kristin Halvorsen seier vi har fått nok pengar til husbygging i Bergen, vil vi arbeide med å få eit nytt teknologibygg med blant anna laboratorium.

Han ser fram til å halde fram samarbeidet med tidlegare dekan Dag Rune Olsen, som tiltrer som rektor 1. august.

– Eg gleder meg til å få jobbe med eit nytt rektorat som har kome med ein veldig god plan for korleis dei ser for seg at universitetet skal vere dei neste åra.

Dag Rune Olsen: – Velkommen
Påtroppande rektor og avtroppande dekan Dag Rune Olsen ser fram til å halde fram det nære samarbeidet med Helge K. Dahle, og ønskjer han velkommen inn i rektor si nære leiargruppe.

– Han kjem til å få ein viktig funksjon med å følgje opp mange saker som er sentrale for universitetet. Eg håpar han får ei like god mottaking som eg fekk då eg starta som dekan. Eg er viss på at han vert ein strålande dekan for mat.nat. og for UiB, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

Olsen lovar at Dahle skal få god støtte i arbeidet med å få på plass nytt teknologibygg på mat.nat.

– Det arbeidast godt med denne prosessen. Dette er dyre bygg og kostbart utstyr, og når det kjem til pengar har vi framleis ein veg å gå. Her skal han få god støtte frå Muséplass, seier Dag Rune Olsen.

Powered by Labrador CMS