Auka behov for juristar

Fram mot år 2025 vil talet på yrkesaktive juristar auke betydeleg. Talet på jusstudentar må aukast dersom behovet i arbeidsmarknaden skal møtast.

Truleg må det utdannast fleire juristar for å auke etterspurnaden. Dette viser ein ny rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

Større fråfall enn tilvekst
– Det framtidige behovet for juristar i Norge er vanskeleg å talfeste, og ulike utrekningar gjev høgst ulike svar. Men det er sannsynleg at etterspurnaden vil auke relativt mykje fram mot 2025, seier Per Olaf Aamodt, forskar ved NIFU

Han anslår at etterspurnaden kan vere 75 prosent høgare enn i dag.

I 2009 var talet på yrkesaktive juristar om lag 17 000. Kvart år vert det uteksaminert om lag 900 ferske juristar. Dersom ein legg til grunn eit kandidattal som samsvarar med dagens nivå, vil det vere om lag 24 000 juristar i 2025. Dette kan vere for få for å dekke det samfunnsmessige behovet for arbeidskraft med juridisk kompetanse.

Aamodt understrekar at desse beregningane er kompliserte, men at ein likevel kan sjå ein klar tendens.

– Det er meir sannsynlig at det vert mangel på enn overskudd av jurister, seier Aamodt.

Utdanninga fungerer godt
I rapporten konkluderer NIFU med at juristutdanninga ser ut til å vere godt tilpassa arbeidsoppgåvene som ventar.

Studien avslører også at juristkandidatane i hovudtrekk meiner at studiet i stor grad gjev eit godt grunnlag for å starte ein yrkeskarriere, samt for den vidare karrieren. Dei som er i arbeid fortel at dei opplever å få utnytta kompetansen sin, og er godt nøgde.

Dei som arbeider innanfor det som i studien vert definert som «fagleg tenesteyting», som blant anna advokatfirma, rapporterer at dei opplever arbeidsoppgåvene som mest relevante, sett i forhold til utdanninga dei har. Litt færre av dei som arbeider innanfor offentleg tenesteyting fortel at dei utfører arbeid der utdanninga vert opplevd som svært relevant for arbeidet dei utfører.

Powered by Labrador CMS