Aukar aktiviteten i Antarktis

Publisert

Snart skal Forskingsrådet vedta ein ny nasjonal strategisk plan for norsk forsking i Antarktis. Denne planen var eitt av emna som vart tekne opp på Polardagen 25. mai.

Polardagen er eit diskusjonsforum for norske polarforskarar, og vart arrangert av Nasjonalkomiteen for polarforsking, som er Forskingsrådet sin rådgjevande strategiske komité for polarsaker. Bjerknessenteret og Havforskingsinstituttet var lokale arrangørar. To overordna tema sto på programmet: Den nye planen for norsk forsking i Antarktis, som skal gjelde frå 2005, og Noreg sitt bidrag til det internasjonale polaråret (IPY) 2007-08.

Eit par logistiske vendepunkt vil få mykje å seie for norsk nærver i Antarktis i tida framover. Det eine er at den norske forskingsstasjonen Troll skal bli heilårsbemanna frå februar 2005. Det andre er etablering av ein flyplass i Dronning Mauds Land, som vil opne for flygingar frå Sør-Afrika, slik at ein kan planleggje terrestre og marine ekspedisjonar uavhengig av kvarandre. På same måte vil nye generasjonar av klima- og økosystemmodellar, avanserte fjernmålingssystem og auka fokus på tverrfaglege tilnærmingar, opne nye dører for norsk forsking i Antarktis. Norsk antarktis-forsking har tradisjonelt vore delt inn i disiplinane biologi, geologi, oseanografi og glasiologi. No må ein basere seg meir og meir på å samordne disiplinane, skal ein ha von om å nå visjonen i den nye antarktis-planen: Å komme med signifikante bidrag til forskinga i Antarktis, med spesielt fokus på å forstå dei grunnleggjande prosessane i høve til miljø- og klimavariasjonar og menneskeskapte endringar.

Vil forstå storskala-prosessane

Forskarar frå UiB har gjennom mange år forska på djupvassdanning under dei såkalla “ice shelves” i Antarktis, spesielt i det sørlege Weddell-havet. Eigenproduserte måleintrument firt ned gjennom hol i isdekket har gjeve mykje informasjon om sirkulasjonen under isen. Forskar Svein Østerhus ved Geofysisk institutt oppsummerte 30 års forsking på djupvassdanning med oppmodinga ” Gje oss berre ein forskingsstasjon på Ronne-shelfen, så skal eg gjerne drive han dei neste 20-30 åra!”.

Direktør for Bjerknessenteret, Eystein Jansen, lista opp fleire globale utfordringar for forsking i Antarktis.

– Kva er det som driv havsirkulasjonen i stor skala? Kva er det som kontrollerer karbonsyklusen? Og kva er det som dominerer i samspelet mellom høge og låge breiddegrader? Skal ein gjere nyttig forsking på til dømes paleoklima i Antarktis, trur eg det må gjerast i form av storskala eksperiment på store system, sa han.

Planlegg det internasjonale polaråret

 

Utkastet til den nye planen har identifisert nokre prioriterte område i norsk antarktis-forsking. Det er klimadynamikk inkludert paleoklima, marine økosystem, og menneskeleg nærver i Antarktis. Mindre tema som kjem i tillegg vil vere atmosfære, forureining og psykologi. Utkastet er no ute til høyring i fagmiljøa før det skal vedtakast i Forskingsrådet.

Samstundes er planlegginga av det internasjonale polaråret 2007-08 i startfasen. Det er sett ned ein nasjonal komité, leia av instituttleiar Olav Eldholm ved Institutt for geovitskap ved UiB, som skal arbeide med den norske deltakinga i prosjektet. Komitéen ønskjer innspel til dette arbeidet, og difor var også IPY eit tema på årets Polardag.

 

Powered by Labrador CMS