Hallgeir Homstvedt har tidlegare arbeidd for Norway says. Han vann den lukka konkurransen om å designe UiB sin nye aula-stol.

Slik blir den nye aulastolen

Hels på Lui. Han er ein stablestol av stålrør, spesialdesigna til den nye universitetsaulaen. – Eg følte eg tok ein risiko med å lage denne stolen, seier designar Hallgeir Homstvedt.

Designar Hallgeir Homstvedt vann den lukka konkurransen om å skape den nye stolen til UiB si storstue. Han vart inspirert av vindauga til universitetsmuseet.  

– Vindauga er dominante i rommet. Inntrykket av dei brann seg fast, seier Hallgeir Homstvedt.

Designkonkurransen har hatt ei samla kostnadsramme på 365 000 kroner. I alt elleve framlegg til nye aulastolar har blitt sendt inn til juryen. Torsdag offentleggjorde næringsminister Monica Mæland vinnarbidraget.

Stille, klassisk, lett å stable
I designprosessen måtte Homstvedt ta omsyn til ei rekke krav får juryen.

Stolen han skulle lage måtte vere enkel å stable. Den skulle samtidig signalisere vitskaplege ambisjonar i klassisk, akademisk tradisjon. Som aulastol skal den tene både studentar og kongelege, og fungere like godt til forelesingar som til høgtidelege festmiddagar. Den må både vere klassisk og moderne, og lage lite lyd når den blir flytta omkring.

Difor laga han Lui. Stolen vil bli laga i fleire versjonar, med og utan stopping, inspirert av det klassiske møbelet Louis 15.

– Kva har vore utfordrande i arbeidet med stolen?
– Det har vore litt vanskeleg å finne retninga. Dette er eit monumentalt bygg , og stolane skal stå i ein formell setting, samtidig som ønsket var at designet skulle vere nytt og spanande. Eg følte eg tok ein risiko med å lage denne stolen, seier designar Hallgeir Homstvedt.  

– Rommet har slette veggar og lyse flater. Eg ville ikkje øydelegge visjonen til arkitekten ved å lage noko som kjem i konflikt med dei reine flatene i rommet.

Ikkje dyrare enn ein katalogstol
– Vi ville ha ein aulastol som signalisererte den akademiske verdigheita. Stolen er ein forenkla versjon av eit klassisk motiv, inspirert av dei geometriske formene som finst i vindauga til universitetsmuseet. Den er ei innovativ samanstelling av mjuke og harde former, sa Dag Rune Olsen.

Rehabiliteringa er finansiert av Statsbygg. I denne finansieringspakken er også nytt møblement rekna inn.  «Stolen forventes å ligge i medium eller øvre prisklasse» står det i juryens kravliste til konkurransen.

Eigendomsdirektør Even Berge minnar om at fornying av universitetets aula ikkje er noko ein gjer kvart år.

– Å få laga ein stol til aulaen er ein «once in i lifetime-sjanse», seier han til På Høyden.

Den nye aulaen skal stå klar til hausten 2015. Då skal også 400 eksemplar av Lui stå klare. No startar jakta på ein produsent som kan sette dei fire hundre stolane ut i livet.

– Dette blir ikkje vesentlig mykje dyrare enn ei katalogvare. Men no vil vi få ein særegen stol. Ein kan tenke seg at den også kan brukast i andre samanhengar enn i aulaen.

I dag leiger UiB Håkonshallen og Grieghallen til doktorpromosjonar og konferansar. I framtida kan aulaen nyttast til dette formålet.

Powered by Labrador CMS