Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vesle Audun er berre ni dagar gamal. Men når mor har tatt doktorgrad, må ein sjølvsagt vera med.
I slutten av juni disputerte Hilde Kristine Hvidevold for ph.d.-graden i anvendt matematikk, den gongen med tydeleg kul på magen. Under fredagens promosjon i universitetsaulaen var vesle Audun med. Han er berre ni dagar gamal, og så liten at foreldra endå ikkje har bestemt kva etternamn han skal ha.
– Eg var litt i tvil om eg klarte å koma hit i dag, seier den nybakte mora.
Heidi Hvidevold, med tittel «besto», hadde fått i oppdrag å passa den vesle guten.
– Eg er både stolt mor og mormor i dag, smiler ho.
Mange moglegheiter
Audun var ikkje den einaste babyen eller barnet som var med under promosjonen. På benkane under dei store vindauga vart det både amma og klatra. Nettopp barn var noko av det Mathew Reeve la vekt på i talen sin på vegne av dei nye doktorane. Han tok føre seg moglegheitene ein har som doktorgradsstipendiat ved UiB: Ein får løn, ein vert sett på som ein kollega, og ein har eit finansieringssystem som gjer at ein mellom anna får sjanse til å reisa, og slik utvida horisonten.
– Sjølv reiste eg til University of Hawai’i. Der trefte eg ei flott kvinne som eg gifta meg med, og no har me ein son saman. Eg vart overraska over kor mange babyar det er her i dag, men det er kanskje ikkje berre eg som har vore på reise, sa Reeve.
– Historisk dag
Det var ein stolt rektor som kunne ønska velkommen til den nye aulaen. Promosjonen var det første store arrangementet – til og med før den offisielle opninga.
– Dette er ein historisk dag. Både for dykk som er nye doktorar, men òg for UiB. Det er første gong me har doktorgradspromosjon i den storslåtte aulaen. Me har hatt mange fine markeringar i Håkonshallen, men det er godt å ha promosjonen attende på UiB sin eigen grunn, sa Dag Rune Olsen.
Det var 141 kandidatar som tok doktorgrad ved UiB i vårsemesteret 2015, ein tredel av de ifrå andre land enn Noreg. Av dei 141 var 104 til stades under markeringa i aulaen.
I sin tale la Olsen vekt på at dei ferske doktorane får eit stykke papir – eit diplom. Men på same måte som for Marco Polo undra fælt over desse papirpengane han oppdaga då han reiste mot aust, er det kva papiret symboliserer og representerer som er viktig.
– Det symboliserer vitskap, og den høgste utdanninga ein kan ta ved eit universiet. Det symboliserer ein prosess der de har modna og lagt ned eit formidabelt arbeid over fleire år. Det symboliserer òg slutten på ei lang reise de har all grunn til å vera umåteleg stolte over å ha gjennomført, sa Olsen.