Feira nye doktorar i den viktige månaden

Publisert

I april 1946 vedtok Stortinget å oppretta Universitetet i Bergen. Ein stolt rektor leia fredag feiringa av nye doktorar - den nest siste dagen i april.

– 9. april 1946 fatta Stortinget eit av sine viktigaste vedtak nokonsinne – dei vedtok å oppretta Universitetet i Bergen. Det hadde vore vitskapeleg verke her heilt attende til 1825, men det er altså berre 70 år sidan ein vedtok å opna UiB.

Det sa rektor Dag Rune Olsen i si helsing til dei nye doktorane fredag, den nest siste dagen i april.

– April er ein viktig månad, sa rektor.

52 kreerte
Det er første gong UiB har doktorpromosjon i nettopp april. I utgangspunktet skuldast dette praktiske årsaker, det er fleire og fleire som tek doktorgrad ved UiB. Ei gledeleg utvikling, ifølgje rektor. Frå januar til midt i april i år har universitetsstyret kreert 52 nye doktorar. Tidlegare har ein hatt doktorpromosjon berre i januar og august.

Ein tredel av dei som no tek doktorgrad ved UiB kjem frå andre land enn Noreg.

– Me er stolte over at de valte UiB. Nokre av dykk vert verande, men andre reiser attende til heimlandet. De er alltid velkomne attende til Bergen, og de er våre viktigaste ambassadørar, sa Olsen.

– Kva skal du med det?
Å ta doktorgrad er krevjande. Det peika Olsen på, og det peika òg Roald Hopsnes på. Hopsnes talte på vegne av dei nye doktorane. Han fortalte om ein lang prosess, hår som vart tynnare etterkvart, og eit par tusen sider tekst som vart forkasta.

– Men pappa, kva skal du med det?

Det var reaksjonen frå Hopsnes si ti år gamle dotter då han fortalde at han hadde tatt doktorgrad.

Og kva skal ein med doktorgrad? Akademisk forfengelegheit var det beste svaret Hopsnes, som har doktorgrad frå Det juridiske fakultetet, kom opp med. Han brukar ikkje det han har forska på i kvardagen.

– Ikkje eit godt svar, og i alle fall ikkje til ein tiåring. Men eg ser at eg har fått breiare kunnskap, større mot og større fagleg sjølvtillit. Samstundes har eg kanskje lært mest om kor lite eg kan. Så til alle nye doktorar: Gå ut i verda med ein stor porsjon fagleg sjølvtillit – og ver samstundes audmjuke.

Powered by Labrador CMS