Museumsdirektør Henrik von Achen gler seg ikkje til å halde museet stengt i eitt år ekstra. Det blir resultatet dersom budsjettforslaget ikkje blir endra.

Håpar på KrF og Venstre

Publisert

– Vi skjønte at det kunne sitte langt inne med løyvingar til fase 2. No får vi prøve å påvirke salderinga, seier Henrik von Achen.

Museumsdirektøren er skuffa over at det ikkje kom noko løyving som gjer at Statsbygg kan starte opp fase 2 av den omfattande rehabiliteringa av Universitetsmuseet sitt byggeprosjekt. Aulaen får framleis finansiering, og det er løyvd 50,8 millionar kroner til utstyr til aulaen.

Valde Munch
Von Achen vart litt uroleg då han høyrde lekkasjen om at Munch-museet får oppstartsløyving. Sjølv om det ikkje ligg på same departementet, tenkte han at det kunne gå ut over museumsprosjektet i vest.

– Det er unekteleg ein fordel å liggje i Oslo. Problemet er kanskje at den sitjande regjeringa oppfattar dette som den førre regjeringa sitt prosjekt, seier von Achen.

Det smertar han at publikum no tidlegast kan ønskjast velkomne attende i museet i 2019.

– Vi kan leve med at eit museum ikkje er ope for publikum, dersom vi kan sjå fram mot eit endå betre tilbod. Men kvart år vi helt stengt er sårt. Og vi kan ikkje rehabilitere bygget utan å stengje det, forklarer von Achen.

Naturvitskapleg satsing
Planen om undervisningslokale i underetasjen blir òg sett på vent.

– Vi har sett av heile underetasjen til det, med både våtlaboratorium og tørrlaboratorium. Planen vår for undervisningslokale er mykje meir omfattande og gjennomført enn ved noko anna museum i landet, seier von Achen.

Dermed blir ein viktig rekrutteringsarena og møteplass utsett på ubestemt tid.

Dei nye utstillingane må og finansierast, og det blir vanskelegare når det er uvisst når bygget kan takast i bruk.

– Det blir vanskelegare å hente inn pengar til noko ein trur kjem, enn noko ein veit kjem.

Kan blokkere
Eigedomsdirektør Even Berge håpar òg at løyvinga kan komme i salderingsprosessen, men han er ikkje så overraska over at det ikkje kom pengar til fase 2.

– Signala vi har fått i møte med departementet har vore litt usikre, seier Berge.

Kompetansen som er bygd opp i prosjekteringsgruppa rundt det unike bygget kan no gå tapt.

– Sørfløyen blir ferdigstilt til sommaren. Då vil alt bli tatt ned, og må riggast opp igjen.

Han er og redd for at det halvgjennomførte museumsprosjektet kan blokkere for andre satsingar ved UiB framover.

– Det er sjeldan at eit universitet får ha fleire byggeprosjekt gåande på same tid, seier Berge. 

Powered by Labrador CMS