Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er ikkje pengar til oppussinga av Universitetsmuseet på revidert nasjonalbudsjett, og elefanten må halde seg i eit magasin i årevis.
Heller ikkje denne gongen fann regjeringa rom for rehabilitering av Universitetsmuseet på budsjettet, lobbyverksemd frå UiB og hordalandspolitikarar til trass. Statssekretær Bjørn Haugstad sa på eit møte tidleg tysdag at det ikkje ligg nokre overraskande løyvingar til sektoren i budsjettet.
– Vi hadde sjølvsagt håpa på ei løyving, men vi registrerer at det ikkje er i revidert nasjonalbudsjett at denne regjeringa legg inn sine grep, seier rektor Dag Rune Olsen.
Tvitring
Men rektor gir ikkje opp arbeidet med å lobbe inn løyvingane til oppstarten for oppussinga av midt- og nordfløyen, som husar Dei naturhistoriske samlingane.
– Vi vil sjølvsagt setje stor pris på om Stortinget hugsar på det store og viktige museumsprosjektet vårt når dei skal handsame nasjonalbudsjettet, seier Olsen, som nok kjem til å tvitre ein del om prosjektet framover.
Han veit ikkje når prosjektet kan vente seg ei løyving.
– Om det hadde kome ei lita oppstartsløyving no, hadde det vore det viktigaste, for då veit ein at det kjem meir seinare. Men om det over hovudet ikkje kjem noko signal no, må vi framleis jobbe hardt for å få prosjektet inn. Ein ny finansieringsmodell kan bli det viktigaste punktet i statsbudsjettet for vår sektor, seier Olsen.
Museet stengde dørene 1. november 2013, i forkant av rivingsarbeidet i sørfløyen, der den nye aulaen kjem. Etter planen skal den nye storsalen til UiB opne til hausten.
Samfunnstoppar for aula
Tidlegare rektor Sigmund Grønmo, som lanserte ideen om aula i 2008, jobba iherdig i ei årrekke for å få løyvingar til prosjektet. Gudmund Hernes, Thorbjørn Jagland og ei rekke andre kjende namn blei engasjert for å lobbe for aulaen.
– Vi har skjønt at aulaen har vore svært viktig både for UiB og for Sigmund Grønmo personleg, sa dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen lett ertande då løyvinga endeleg kom i statsbudsjettet hausten 2013.
– UiB vedtok stenginga sjølv
Både førre regjering og den noverande har gitt uttrykk for at UiB har ivra sterkt for aulabygginga og museumsprosjektet. Då det heller ikkje i fjor haust kom noko løyving over statsbudsjettet, uttalte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seg slik til Bergens Tidende:
– Universitetet avgjorde sjølv å stenge museumssamlingane frå hausten 2013. Dette for å ha tid til konservering og flytting av museumsgjenstandane før fase 2 av rehabiliteringa startar. UiB vedtok stenginga sjølv om startløyving for denne delen av prosjektet, som omfattar nettopp museumssamlingane, ikkje er gitt.
I god UiB-tradisjon blei stikket frå kunnskapsministeren følgd opp med ein artikkel publisert på nettsidene til UiB, der institusjonen fortel kunnskapsministeren og andre interesserte at museet måtte stengjast, mellom anna fordi Riksrevisjonen fleire gonger hadde kritisert oppbevaringa av gjenstandane, og det manglande vedlikehaldet av bygget.
Resultatet av manglande løyvingar er uansett at museet framleis blir stengt, kanskje fram til 2019 eller 2020. Mykje av anleggsmateriellet som no blir brukt til aulabygginga må dessutan demonterast, noko som gir ekstrakostnader, og dårlegare flyt i arbeidet.
Og publikum får ikkje tilgang til samlingane på minst seks år.