Forskarar skal formidla. Men gjer dei det? – Ein må få formidling på kartet, på dagsorden og på desken, sa professor Gunnstein Akselberg under konferansen Forsking i front.

Ein uslepen formidlings-diamant?

Publisert

Kanskje er denne artikkelen litt skummel å lesa. Det er nemleg ein journalist som siterer forskarane.

Bacongate. Og det i ei medieveke som allereie var fylt av både Justin Bieber og Harald Eia.

Dette er medieforskar Helle Sjøvaag sine ord. Som ein av sju forskarar hadde ho innlegg under konferansen Forskning i front torsdag. Tema: Forsking, media og samfunn. For korleis er det eigentleg, dette forholdet mellom forskarar og journalistar? Og korleis står det til med den siste f-en, formidlings-f-en?

– Me ønskjer å synleggjera formidling som like viktig som forsking og utdanning, sa viserektor Oddrun Samdal då ho ønska velkommen.

– Me kan læra av media, men dei kan læra av oss òg. For me er slett ikkje dårlege på formidling.

«Seier ein forskar»
Tilbake til baconsaka og rapporten frå WHO som sa at bearbeidde kjøtprodukt, som bacon og pølser kan vera kreftframkallande. Er det faktisk slik?

Tja.

– Sakene forsvinn ofte i det tabloide. Når eg les sjølve saka, inni avisa, er det som står der både rett og interessant, sa medisinprofessor og meltzerprisvinnar Trond Markestad.

Og eit stykke nedi sakene om det farlege baconet står det blant anna at «risikoen for å utvikle tykktarmskreft som følge av inntak av bearbeidet kjøtt er fortsatt liten» og «forskerne understreker imidlertid at sammenhengene mellom inntak av ubehandlet rødt kjøtt og kreft ikke er signifikant, men at inntak av ubehandlet kjøtt «kanskje» gir økt risiko for tarmkreft».

– Journalistane leitar etter store narrativ, sa Sjøvaag, og trekte fram fire k-ar journalistar likar: Kreft, krise, konflikt og krangel.

– Men forskingsjournalistar skal skriva for folk flest. Det må me synast er greitt. Det finst mange akademiske sjangrar, og «seier ein forskar»-sjangeren er ein av dei.

Både Sjøvaag og Markestad understreka at dei stort sett har hatt gode røynsler i møte med media. Men dei ber om sitatsjekk.

– Eg snakkar med ein journalist på telefonen i eit kvarter, og vedkomande noterer som berre det. Så får eg att tre sitat som gjer at eg framstår som mykje smartare enn eg er, humra Sjøvaag.

– Rådiamant
Gunnstein Akselberg, meltzerprisvinnar og professor i nordisk språkvitskap, framheva plikta forskarar har til å formidla. Han kalla UiB ein kunnskapsdiamant. Spørsmålet er korleis ein kan få diamanten til å skina endå sterkare.

– Me må bryta ideen om at det er ein motsetnad mellom forsking og formidling. Men det er mange, òg ved UiB som meiner at «mi forsking kan ikkje formidlast». Eg har diskutert såpass mykje med desse at eg kan seia det, sa Akselberg.

– Mitt fakultet er nok ein rådiamant. Det er ganske mykje å slipa der, kommenterte Kikki Kleiven.

Ho er førsteamanuensis i geovitskap og ein aktiv formidlar. Kanskje ikkje først og fremst i media, sjølv om ho skulle rett vidare til NRK Hordaland etter arrangementet i aulaen, men svært aktiv i forhold til å pirra realfagsinteressa hos både lærarar, barn og unge.

– Korleis når ein ut? Ein kan sjølvsagt ha opne dagar og den slags, og ein ha stand under Forskingsdagane. Men då treffer ein ofte eigne kollegaer og deira barn, kommenterte Kleiven.

Ho har vore ein del av Klimaklok, i regi av Miljødirektoratet. No er ho mentor for studentar i arvtakaren «Generasjon Grønn», som reiser rundt og har føredrag for skuleelevar.

Desse forskarane er synlege i media, og peika på at dei stort sett har positive røynsler. – Men eg har ikkje vorte invitert tilbake til TV 2 Nyhetskanalen etter at eg sølte ut eit heilt krus kaffi over meg sjølv under ei direktesending, sa ei humrande Helle Sjøvaag (til venstre). Ho er forskar ved Institutt for informasjon- og medievitskap. Deretter kjem Tina Søreide, førsteamanuensis ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap ved NHH, gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Forsker GRand Prix-vinner Cecilie Gudveig Gjerde fra Institutt for klinisk odontologi, Eli Økland Hausken, undervisningsleiar og rådgivar ved Universitetsmuseet, Kikki Kleiven, førstemanuensis ved Institutt for geovitskap og Trond Markestad, professor II ved Klinisk institutt 2. Foto: Hilde Kristin Strand

– Kleint
Nokre forskarar er flinkare formidlarar enn andre. Og nokre er ekspertar på eit fagfelt som er meir «medievennleg» enn andre. Men dei som ikkje formidlar så mykje gjer det kanskje fordi dei er litt redde.

– Mange torer ikkje å stilla opp fordi dei er usikre på korleis dei kjem ut, sa Markestad.

– Samstundes er ein redd for å verta skulda for å vera kjendiskåt, og ein er redd for at det ein seier skal sjå for lett ut. Noko forskarar synest er skikkeleg kleint, er når det vert sagt at forskinga har skapt internasjonal merksemd. Det kan til dømes bety at ein har fått godkjent ein artikkel til ein konferanse. Det skal ikkje så mykje til.

Kleiven fortalde om ei klo som har sett seg litt i brystet. For ikkje så lenge sidan fekk ho spørsmål om ho «må» formidla så mykje. Ikkje fordi nokon trur det går ut over forskinga eller undervisninga, men fordi det kan gå ut over dei administrative pliktene. Per i dag er ikkje formidling noko som gir utteljing i verken publikasjonspoeng eller timerekneskap.

– Sjølv om eg prøver å ikkje bry meg, kom spørsmålet om det er nokre museumsvaktarar her som ikkje likar det eg gjer. Men eg vil halda fram med å formidla, og eg har bestemt meg for at eg skal vera ei tigermamma som heiar fram studentane, sa Kleiven.

– Skal vera sær
Det går over.

Det var rådet frå både Markestad, Sjøvaag og Tina Søreide, førsteamanuensis ved NHH. Har ein stilt opp i media og synest sjølv at ein kjem litt skeivt ut, så er det slett ikkje sikkert at det er så mange andre som synest det. Men kanskje har publikum fått med seg bodskapen.

– Det er ingen som forventar at ein forskar skal vera noko anna enn litt sær, sa Sjøvaag.

Er slike oppslag alle forskarar sin store skrekk? Medieforskar Helle Sjøvaag viste eit av oppslaga i det ho kalla «bacongate» - saka om at raudt kjøt kan auka faren for å få kreft. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS