Dei fleste dyra skal flyttast ut frå midtdelen av museet. Det er eit enormt, og i nokre tilfelle tungt, arbeid. Foto: Ingvild Festervoll Melien

No skal dyra ut

Publisert

Ikkje spør museumsdirektør Henrik von Achen om kor mange dyr som skal flyttast. Då vert han bleik.

– Det store kvalskjelettet vert her, slær Henrik von Achen fast.

Han er direktør for Universitetsmuseet. Denne helga er den siste på fem år der publikum kan koma inn og sjå på kvalar, nashorn, krabbar og alt det andre som finst i bygningen frå 1865. Og når dørene skal opna att om fem år, vil mykje vera endra.

Gamle fargar
Museet treng ei oppgradering no. I sørfløyen har Statsbygg allereie flytta inn, og arbeidet med aula er i gang. I nordfløyen, som saman med sørfløyen vart bygd på i 1898, vert det rom for skiftande utstillingar, og for moderne utstillingar. Nordfløyen er laga utan berande vegger, noko som gjer ombyggingsarbeidet lettare.

Når ein om fem år kan koma inn att i midtbygget, er håpet at det skal vera litt som å koma inn i ei anna verd. Målet er at stemningen skal vera litt som i 1867.

– Me vil tilbake til dei gamle fargane på veggene, og alle leidningane skal vekk, seier von Achen, og fortel at det er teke fargeprøvar av veggene. Det er ikkje utenkjeleg at det inne i rotunden var raude veggar – og at dei i midtdelen var grågrøne.

– Me må òg gjera noko med lyset. I 1867 hadde ein berre dagslys å hjelpa seg med, slik at om vinteren var det ingen vits å ha museet ope etter at det vart mørkt ute – då såg ein ingenting uansett. No veit ein at dagslys er svært uheldig for utstillingane, seier von Achen.

Men vindauga er store, og vil halda fram med å vera det. Kva som skal gjerast for å både gi publikum best mogleg utbytte av utstillingane og samstundes ta best mogleg vare på gjenstandane, er arkitektane no i gang med å jobba med.

Korleis pakkar ein eit nashorn?
For at arbeidet som må gjerast kan gjerast, må mykje flyttast. Først vert ein del ting flytta frå sør- til nordfløyen. Men det er i midtdelen dei største og tyngste gjenstandane er i dag. Von Achen seier at det ikkje er alt som kan pakkast – det må i staden verta tekne godt vare på på staden under restaureringsarbeidet. Og å pakka ned eit nashorn eller ein sebra som er fylt med betong – det er ikkje så lett.

– Konserveringsavdelinga vår jobbar med reinsing, pakking, klargjering for flytting og desinfisering – det er eit enormt arbeid. Så kjem det eit firma som tek seg av den fysiske flyttinga. Alt me gjer må skje på ein forsvarleg måte – me har eit forvaltaransvar, understrekar direktøren.

Han seier at det ikkje er sikkert at alle gjenstandane vert stilt ut att, men understrekar at alt vert tatt vare på.

– Kor mange dyr er det som skal flyttast?

– Det må du ikkje spørja meg om. Eg vert bleik ved tanken, humrar von Achen.

Stengjer deler av hagen
I underetasjen skal det lagast laboratorium og auditorium. Her skal museet kunne ta i mot skuleklassar.

– Tanken er at ein både kan ha praktisk naturfagundervisning og samstundes gi elevane appetitt på forsking, seier von Achen.

I etasjen over skal vestibylen førast attende til slik han ein gong var. Det betyr at butikkdelen vil verta flytta lenger inn i sørfløyen. I sørfløyen vil det òg koma kafé.

Dei kulturhistoriske samlingane vil vera opne i heile femårsperioden. Museumsdirektøren seier at museet drøftar kva dei kan gjera for å halda kontakten med publikum oppe gjennom desse åra, og om det er mogleg å visa naturhistoriske utstillingar i det andre bygget.

– Er det heilt naudsynt å stengja alt?

– Ja, det er det. Det sit langt inne, men me må berre gjera det. Straum og anna teknisk arbeid gjer at ein må stengja alt. Skal ein flytta eit rør, betyr det at heile funksjonen til røret må erstattast, seier von Achen.

Ute heng det skilt på porten om at musehagen er nattestengt. Den delen av hagen som er utanfor sørfløyen kjem til å vera stengt for publikum, men elles skal hagen vera open.

– Når me no låser portane om natta, handlar det om at me vil visa at det ikkje er heilt fri tilgang her. Men me prøver å skåna hagen, og har på sikt òg planar for den, seier von Achen.

Han seier at når rehabiliteringa er ferdig, vil ein få ein logistikkinngang til museet som ikkje forvandlar hagen til ei trafikksone.

Satsar på at pengane kjem
Fem år høyrest lenge ut, men direktøren meiner at ein ikkje har meir enn tid og veg. Førebels er det berre løyvd statlege pengar til aulaen, men von Achen føler seg trygg på at resten av pengane kjem. Han meiner det er utenkjeleg at ein får pengar til å oppgradera sørfløyen– men ikkje til den delen som publikum vil bruka mest.

– Når opnar de att?

– Det veit me ikkje endå. Museet opna 4. juli 1867, så det hadde vore fint å kunne ha nyopning 4. juli 2018 – 151 år etter, seier von Achen.

Powered by Labrador CMS