Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Aula-stolen Lui fekk stor merksemd på den største møblemessa i verda.
For to år sidan vann designar Hallgeir Homstvedt den lukka konkurransen om å designa stolen som skulle brukast i universitetsaulaen. Resultatet var Lui – ein stablestol av stålrør, som var inspirert av vindauga i bygget.
Lui finst no i fleire variantar i aulaen og i kafeen i same bygg. Men stolen har òg fått eit vidare liv. Nyleg fekk han stor merksemd på den store møbelmessa Salone del Mobile i Milano – verdas største møbelmesse. Der kom han på lista over dei 25 mest interessante nyheitene. I tillegg har bransjenettstaden Dezeen stolen på si liste, og skriv at stolen, som no heiter Bergen chair, er ein av dei meir elegante stablestolane dette året.
Kommersielt liv
- Allereie då eg teikna stolen for aulaen tenkte eg at det var gøy om han kunne ha eit vidare, og meir kommerstielt, liv. Eg har jobba med liknande posjekt før, og såg ingen grunn til at stolen òg kunne fungera andre stader enn på UiB, seier Homstvedt til På Høyden.
Dette var grunnen til at han teikna både ein stoppa variant, ein trestol og ein barstol. Stolen vert i dag produsert av eit svensk firma.
Hallgeir Homstvedt har mellom anna jobba for Norway says. DEsignaren held til i Oslo. Arkivfoto: Ida Bergstrøm
Har funne stolen i interiørmagasin
Det vert designa mange stolar i løpet av eit år. Svært mange stolar. Dersom produktet ein sjølv har laga skal skilja seg ut, er ein avhengig av merksemd, seier Homstvedt.
- Å få slik merksemd som eg fekk i Milano hjelper veldig. Ofte er det slik at interiørdesignarar brukar ting dei kjenner frå før. Då hjelper det veldig at ein nytt produkt som stolen min får positiv merksemd, seier Homtvedt.
- Har du sett stolen i meir folkelege interiørmagasin?
- Det er ikkje så lenge sidan eg såg han i Bo Bedre, og eg har sett han nokre andre stader òg. Men han har førebels ikkje vorte ei internettplage, seier designaren.