Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Eg er veldig nøgd med at studentane har fått gjennomslag for deira krav om fleire bustader og studiestøtte elleve månader i året, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Elles er han ikkje særleg nøgd.
– Dette budsjettet er på ingen måte ekspansivt. Ei auke på 3,5 prosent held ved lag sektoren, men styrkar han ikkje, slår Olsen fast.
Få stipendiatar til Bergen
Ein rask gjennomgang av statsbudsjettet for 2014 måndag morgon viste liten grunn til lokal UiB-jubel:
– Vi har ikkje fått fleire studieplassar, og av seksti nye doktorgradsstipend er det berre seks som kjem til Bergen, alle innan satsinga på matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT). Oslo har derimot fått dobbelt så mange, og NTNU noko tilsvarande. Vi skulle gjerne hatt nokre fleire, og vi kan heller ikkje registrere nokon postdoktorar, seier Olsen.
Aulaen ligg inne
Løyving til rekrutteringsstillingar er noko anna Olsen saknar i budsjettet.
– Det ligg ingen pengar til stillingar av typen tenure track. Då blir eit slikt tiltak vanskeleg å få til, meiner han.
Han er nøgd med at gåveforsterkingsordninga er vidareført, men mindre nøgd med investeringsetterslepet for bygga til universitetet. Fase 1 av aulaprosjektet ligg inne med 80 millionar kroner som forventa, men det er ikkje løyvingar til andre UiB-prosjekt.
Heiltidsstudentar
– Sjølv om budsjettet ikkje er veldig offensivt vil vi heller ikkje tape på det. Og studentane har vore tydelege i krava sine om elleve månaders studiestøtte. Vi er opptekne av at studentane våre skal vere heiltidsstudentar, og då er finansieringa viktig, seier Olsen.
Håpar på auka grunnløyvingar
– Korleis ser du på budsjetthandsaminga i eit nytt storting?
–Ingen kan i alle fall seie at dette statsbudsjettet vil binde den nye regjeringa til masta. Eg legg til grunn at den nye regjeringa vil vidareføre dei positive trekka i dette budsjettet, og gjer alvor av valkampløfta sine. At grunnløyvingane til forsking blir styrka gjennom budsjetta til universiteta bør vi då kunne vente oss, seier Olsen.