Sjetteklassingar frå heile Bergen hadde sitt første møte med aulaen. For mange var det også det første møtet med UiB.

Småuglene inntok aulaen

Barneuniversitetet:

Kan alle professorar lage eksplosjonar? Kva stilling er best eigna for forsking? Og er det eigentleg greit å slenge joggeskoa på dei spesialdesigna aulastolane? Denne veka var sjetteklassingar frå heile Bergen på forelesingar i den nye storstova.

– Kva gjer ein professor?

Andreas Wahl, kjend frå mellom anna det populærvitskaplege programmet «Folkeopplysningen», spør sjetteklassingane som er i aulaen for å vere med på Barneuniversitetet.

– Han forskar, svarar ein gut.

– Korleis forskar ein? Står ein? Rekk opp handa alle de som trur at ein står når ein forskar!

Omlag halvparten rekk opp handa.

– Eller sit ein? Opp me handa de som trur at ein professor sit når han forskar!

Nesten like mange hender kjem i vêret.

Tre timar, fire fakultet
Gjennom fire forelesingar à 30 minutt, fekk dei ei lyninnføring i mystiske vikinggraver, samt litt vitskapsteoretisk bakgrunn for kvifor det er vanskeleg å ha sikker kunnskap om vikingane. Dei fekk også høyre om tigging i eit juridisk perspektiv, om korleis tannlegen kan vere detektiv, samt ta del i historia om Frida og Professor Vinter.

Rekruttering i grunnskulen
Oddrun Samdal hadde pynta seg med den raude viserektorkappa.

– I rekrutteringsarbeidet har vi starta med å rette oss inn mot grunnskulen. Det er viktig for oss å vise fram kva universitetet kan vere. Her kan dei kome og bli kjende med bygget, og kanskje få eit ønske om å studere her seinare, seier Oddrun Samdal.

Powered by Labrador CMS