Gita Frimannslund Storegjerde arrangerer demonstrasjon til støtte for museet og dyra, som no er i eksil. Ho vil heller ha museum enn mausoleum. Demonstrasjonen er i ettermiddag klokka 16.

Demonstrerar for museet

Publisert

Gita Frimannslund Storegjerde vart så skuffa over manglande løyving til Universitetsmuseet at ho i dag arrangerer demonstrasjon og konsert til støtte for prosjektet.

Markeringa startar klokka 16 i dag ved den blå steinen, før ein går i tog opp til Muséplass for appellar og påfølgande konsert. 

– No må vi gjere noko! Vi hardingar er ikkje så lette å stogge, seier den engasjerte studententen i museologi, som òg jobbar på museet. 

– Men dette gjer eg som privatperson og student, understrekar ho.

Studentparlamentet deltek òg, og på Museplass skal representantar frå UiB-institutt, skular  og museumsmiljøet i Bergen halde appellar. Mangeårig direktør for Gamle Bergen, Trygve Fett, og Sigurd Sandmo frå Kode er blant dei. 

Under parolar som <<Vi vil ha museum, ikkje mausoleum>> går toget frå Ole Bulls plass gjennom Christies gate og til Muséplass. Og etter appellane startar musikken: 

– Dette blir eit <<band aid>> for museet. 

Ideen om demonstrasjon har kverna hos Storegjerde heilt sidan ho fekk høyre om den manglande løyvinga i revidert nasjonalbudsjett i førre veke. 

– Museet er ikkje berre eit naturhistorisk museum. Det har kulturhistorisk verdi òg. Museet er særs viktig som inspirasjon for elevar og andre, og som ein del av den livslange læringa. 

Powered by Labrador CMS