Motivet for heiskunsten er henta på Golta utanfor Sotra.

Kunsten i heisen

Publisert

Når ein tek heisen i den nye aulaen kan ein nesten kjenna at ein svevar.

Kvartsårer i amfibolittisk gneis 60°13'20.26”N, 4°59'9.99”Ø.

Dette er namnet på kunstverket som prydar heisen i universitetsaulaen. Kari Dyrdal er kunstnar, og tittelen er henta frå den geografiske plasseringa til øya Golta i Sund kommune.

– Koro (Kunst i Offentlige Rom, journ.anm) skulle levera eitt kunstverk til aulaen. Me såg at det er reint og enkelt, og tenkte at UiB kanskje kunne bruka noko pengar av det ein fekk i brukarløyving til kunst.

Det seier Åse Tveitnes, kulturminneansvarleg, og, viktigast i denne samanheng: Ansvarleg for all brukarmedverknad i museumsprosjektet.

Manipulert foto
Når aulaen så skulle få si andre utsmykking, fall valet på trapperommet. Eit vakkert rom, synest Tveitnes. Dyrdal vart kontakta med spørsmål om ho kunne laga eit kunstverk.

Det ville ho, og no kan ein gå inn i ein utsmykka heis. Den er dekorert med eit trykk henta frå eit fotografi frå Golta.

– Fotografiet er deretter manipulert på data, og det er jobba mykje med pikselering og gjenskin, seier Tveitnes.

– Ein får ein effekt både i og rundt heisen. Står ein i trappa og ser glaset får ei kjensle av ei røsle som går oppover, legg ho til.

– Vellukka heilskap
Inne i sjølve aulaen heng Dyrdal sitt teppe. Det er ei fjellskjering ved Verftet som var utgangspunktet for verket «Ornamenter». Då det vart offentleggjort at det var Dyrdal som vann konkurransen om å smykka ut aulaen, sa juryen mellom anna følgjande: «Motivene er hentet fra fjellformasjoner i Bergensområdet og knytter slik verket både til byen mellom de syv fjell og til museets egen historie og tilknytning til grunnleggingen av Universitetet i Bergen. Forslaget blir realisert som et monumentalt tekstilarbeid som mer eller mindre dekker hele fondveggen i Universitetsaulaen. Monumentalt og storslått, men samtidig ydmyk og nær - forslaget svarer på en estetisk intelligent måte på forventningene til høytidelighet i aulaens bruk».

– Eg synest det har vorte ein vellukka heilskap i aulaen. Eit av måla var å få bygget til å henga saman som ei historie, og det synest eg me har fått til gjennom arkitekturen og elementa med kunstverka og stoldesignet, seier Tveitnes.

Powered by Labrador CMS