Kronprins Haakon overrekte Holbergprisen til Cass Sunstein. I bakgrunnen Holbergprisen sin styreleiar Sigmund Grønmo. Foto: Tor Farstad

Ein enkel song om likeverd

Publisert

Holbergprisvinnar Cass Sunstein takka for prisen ved hjelp av Johnny Cash.

Det hender at professor Cass Sunstein får ein idé. Då kan han kjenna det han kallar «tingle», som er ei fysisk kjensle, i nakken. Han veit ikkje om ideen er god eller dårleg, men han får ei form for wow-kjensle.

Dette fortalde Sunstein inviterte gjester etter at kronprins Haakon hadde overrekt han provet på at Sunstein er årets Holbergprisvinnar.

Tverrfagleg

– Sunstein er eit godt prov på at forskarar kan påverka utforming av politikk, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen i si velkomsthelsing.

Sunstein har mellom anna arbeidd for Barack Obama.

Holbergprisen sin styreleiar, Sigmund Grønmo, la vekt på Sunstein, som eigentleg er jurist, sitt tverrfaglege arbeid, og på at han ser framtidige utfordringar og problemstillingar før andre.

– Han er ein av dei store intellektuelle i vår tid, sa Grønmo.

Kvifor goder og byrder?

Prisvinnaren sjølv, som uttrykte at det er ei stor ære for han å få prisen, nytta ei scene frå filmen «Walk the line», med Johnny Cash som hovudperson, som introduksjon til takketalen sin.

I filmen vert Cash spurt om han berre kan dei gamle songane, dei ein har høyrt før. Kva song ville han syngja dersom han vart påkjørt og i ferd med å døy? Noko ein hadde høyrt før? Eller noko nytt? Noko som skildra kva han følte?

Sunstein sjølv likte ikkje dei songane som var populære då han kom inn som ung forskar på 1980-talet. Han trudde ikkje på innhaldet. Og det var då prikkinga i nakken gjorde seg til kjenne første gong.

Han arbeidde med grunnlova i USA, og fann etter kvart eit mønster: Når det vert innført nye goder og byrder, må det vera ein grunn til det. Det må vera av omsyn til innbyggjarane, altså må styresmaktene ha ei grunngiving som folk kan forstå for å gi folk anten hjelp eller påføra dei ei form for bør.

Vart påkjørt

Vidare skildra Sunstein korleis ei ny prikking vart viktig for utvikling av åtferdsøkonomiforskinga hans. Forskinga hans dekkar i tillegg både statsrett og demokratiteori, offentleg politikk, rettsvitskap, juridisk teori, forvaltningsrett og risikoregulering. Ein annan idé handlar om likskap og fridom – og vidare om sosial mobilitet.

Men kva med denne songen? Sunstein vart faktisk påkjørt. Han vart ikkje så hardt skadd at det stod om livet, men han vart funnen medvitslaus, påkjørt av ein bil som kjørte i om lag seksti kilometer i timen.

– Alle skal me døy. Alle er me skjøre. Men me er òg velsigna med ei moglegheit til å synga. Songen om menneskeleg likeverd er noko ekte. Det er eit privilegium å syngja han.

Marianna Shirinyan spelte verk av Chopin og Schubert på flygel under seremonien. Foto: Tor Farstad
Powered by Labrador CMS