Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Georgia, Malaysia, Zambia og Sudan: Dei er alle representerte blant stipendiatane som har tatt doktorgrad ved Universitetet i Bergen i vår.
Fredag blir dei feira av universitetet, familie og vener under doktorgradspromosjonen i Universitetsaulaen.
Av dei 117 som blir feira er 36 prosent utlendingar, så det er ei internasjonal gruppe som har fått forskarkompetanse.
UiB-rektor Dag Rune Olsen er overtydd om at det er riktig å ha ein høg del internasjonale studentar.
– Eit internasjonalt universitet er naudsynt. Eg er sterk i trua på internasjonalisering i akademia. At de har vore her har gjort oss rikare, både sosialt og fagleg, sa han til doktorandane.
Olsen er òg nøgd over at to tredelar av doktorandane vurderer sine eigne karrieremulegheiter som gode eller særs gode. Men Olsen er òg glad for at ei spørjeundersøking blant stipendiatar viser at kun tre av ti ønskjer ei stilling ved ein høgskole eller eit universitet, noko som gir håp om at kunnskapen òg kjem andre sektorar til gode.
Etter at Universitetsaulaen blei tatt i bruk arrangerer Universitetet i Bergen tre doktorpromosjonar i året, men ved dagens promosjon møtte berre om lag halvparten av doktorandane, og det var difor mange ledige plassar i salen.