Ei kroner her og ei krone der... Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skal legga fram budsjettforslaget for styret torsdag føremiddag. Foto: Tor Farstad

Skal fordela nesten fem milliardar kroner

Universitetsstyret skal handsama budsjettet for 2020. Men dei fleste midlane er låste.

Publisert Sist oppdatert

Ei basisløyving på 3.747.347.000 kroner, og i tillegg ei forventa inntekt frå bidrags- og oppdragsaktivitet (BOA) på 1.120.778.000 kroner. Dette er summane som ligg inne i UiB sitt budsjett for neste år. Universitetsstyret skal handsama saka i dag.

— Det er ikkje noko revolusjonerande nytt i dette budsjettet. Det er økonomimodellen som ligg i botn som styrer. I løpet av ein femårsperiode kan ein vri mykje gjennom strategiske satsingar, men for eitt enkelt budsjettår er mykje låst.

Det seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm. Han skal presentera budsjettet for styret i møtet som byrjar torsdag klokka ni.

Meiner dei gamle får for lite

I budsjettdokumentet står det at det er ein realøkonomisk vekst i budsjettet på 0,6 prosent.

«Men det er likevel bekymringsfullt at Regjeringen ikke satser mer på forskning og utdanning i en situasjon med store behov for omstilling i samfunnet», heiter det. Det vert òg vist til avbyråkratiserings- og effektiviseringskuttet, som Khrono tidlegare har skrive om. For UiB er det no totalt 126 millionar. Det byrjar ein for alvor å merka i organisasjonen, heiter det i saksframstillinga.

Bernstrøm sa tidlegare i veka til Khrono at det er dei nye institusjonane som har vorte prioriterte av regjeringa dei siste åra.

— Det er ingen tvil om at me synest det er ei uheldig utvikling at ein ikkje i større grad har ei differensiert utvikling der ein både satsar på spiss og breidd, sa Bernstrøm til Khrono.

Regjeringa har gjennom tildeling av studieplassar og stipendiatstillingar prioritert dei nye universiteta.

Kjell Bernstrøm

Han meiner at ein òg må satsa på dei institusjonane, der ein anten vil utvikla eller ta vare på verdsleiande miljø.

— Regjeringa har gjennom tildeling av studieplassar og stipendiatstillingar prioritert dei nye universiteta, seier Bernstrøm til På Høyden.

Han meiner desse ikkje kan samanliknast med dei gamle universiteta i eitt og alt:

— Dei har ikkje museum å drifta, og heller ikkje tung forskingsinfrastruktur, seier han.

Kuttar, og gir til andre

UiB-leiinga føreslår å gjera noko av det same som regjeringa: Pålegga einingane kutt. Desse vert samla i ein pott som skal brukast til strategiske satsingar. Det vert kutta ein prosent, noko som gir om lag 28 millionar. Men potten til strategiske satsingar er totalt sett mykje større. Om lag 250 millionar i året kan brukast til mellom anna internasjonalt samarbeid, klyngesatsing, innovasjon og samfunnsdialog.

Dette er summar som ligg inne i langtidsbudsjettet, og Bernstrøm peikar på at det er her det er mogleg å gjera endringar dersom ein vil satsa på noko nytt.

For 2020 er det mellom anna føreslege pengar til kinastrategi, Senter for havvind, nye utstillingar på Universitetsmuseet, ein pilot for eit tverrfagleg humaniorasenter og tokttid på forskingsfartøyet Kronprins Håkon.

Får meir fordi ein leverer det ein skal

Fakulteta får om lag den same summen som i fjor, men pris- og lønsjustert. Nokre, som Det humanistiske fakultetet, får ein større auke i ramma enn andre. Det heng saman med at fakultetet gjer det godt når det kjem til det som kan teljast og målast, nemleg utteljing frå studiepoeng, kandidattal og avlagte doktorgrader.

Powered by Labrador CMS