Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tysdag var både fagfolk og næringsliv inviterte til tverr-institusjonell fagdag i ernæring, der målet var å sjå framover mot vidare satsing.
Frå hausten får studentar tilbod om å ta bachelorgrad i human ernæring ved UiB. Bachelorprogrammet leier fram til dei allereie eksisterande masterprogramma i ernæring. I tillegg skal det opprettast enno eit masterprogram, samt ei forskarutdanning i ernæring. – Vi beitar oss gjennom dagen, fordi maten er tilgjengeleg på ein heilt annan måte enn før. Av ikkje-smittsame sjukdomar er det kosthaldsrelaterte sjukdomar som er mest utbreidd, sa avdelingssjef Åsta Otteren Ellingsen i Rieber & Søn. Mellom institusjonane som fekk høve til å presentere seg på fagdagen, var Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES), Fiskeriforskning og Helse Bergen. UiB var naturleg nok representert ved biologar og medisinarar, men også psykologar, samfunnsvitarar og humanistar. Thor Øyvind Jensen, førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap, meinte at vi bør interessere oss meir for forbrukarane sine verdimønster.
Programstyret for ernæringsutdanning og –forsking ved UiB inviterte difor tysdag til avspark for satsinga på ernæring i Bergen, i form av ein konferanse med temaet ”Ernæringsforskning i Bergen: Hva har vi og hvor vil vi?” Dagen var spekka med smaksprøver og næringsrike forfriskingar, og med innlegg frå til dels svært ulike fagmiljø som alle har ei tilnærming til ernæring i fagprofilen. Og temaet ernæring er i vinden om dagen.
Vil ha matnytte
Ho sit i programstyret, der ho vil ”halde professorane i øyro og passe på at vi får noko matnyttig ut av dette,” som ho sa.
– Det blir stilt ei rekkje krav til næringsmiddelindustrien. Det finst lovar om samansetting av matvarer, krav til merking og så bortetter. Men det hjelper ikkje om maten er sunn, dersom ingen vil ete han. Difor jobbar vi også mykje med smak, lukt og konsistens. Industrien treng ernæringsfysiologane! Vi må ha hjelp til å lære meir om konservering, om bioaktive stoff i maten, om intoleranse, om korleis vi kan minke feitt- og sukkerinnhaldet, sa Ellingsen.
Tverrfagleg om næringsmiddel
– Historisk har det vore eit krav til ein legitim herskar at han skal fø undersåttane sine. Mangel på mat har ført til mange opprør, sa forskingsdirektør ved Rokkansenteret, Kari Tove Elvbakken.
– Den offentlege kontrollen med matvarer var viktig for å skape orden i dei veksande byane på 1800-talet. Det var naudsynt å sikre at maten ikkje skapte sjukdom. I dag ser vi at matpolitikken i Noreg har ført til auka individualisering og ansvar for eiga helse, meinte ho.
Mat er politikk
– Tidlegare var forbrukaren si oppgåve stort sett å gape opp og spa unna det som til kvar tid var tilrådd av styresmaktene – gjerne norskproduserte matvarer. No er forbrukarane medvitne aktørar. Kugalskap-saka har minna bransjen på at dei ikkje lenger avgjer kva folk skal ete. Forbrukarane ser på ny næringsmiddelteknologi som ei blanding av framskritt og fare, og dei veit ikkje kva blandingstilhøvet er, sa han.
– Maten er meir politisert enn før: Bransjen må ta omsyn til alle slags spørsmål som dei ikkje er budde på, som kvinneundertrykking, barnearbeid, dyrehelse og utnytting av naturen. Kva som smakar, avheng også av kva politiske spørsmål vi reflekterer rundt. Dette er eit kjempespennande felt!
Ernæringssatsinga i Bergen får såleis ein svært tverrfagleg profil, der alle UiB-fakultet vil vere representert. Bergen har fleire gode forskingsmiljø innan ernæring, men kompetansen er spreidd. Med den nye satsinga på ernæringsutdanning vonar programstyret at innsatsen no skal bli heilskapleg, og at dei gode forskingsmiljøa vil gje utdanninga den kvaliteten som trengst for å trekke til seg gode og motiverte studentar.