Avtale med Alberta

Publisert

Universitetet i Bergen har underteikna samarbeidsavtale med Canadas nest største universitet, University of Alberta.

– Universitetet i Bergen (UiB) har signert ein overordna avtale. Vi håper dette vil føre til at det vert etablert avtalar om samarbeid på fakulteta og institutta, seier Karoline Høibo ved Utdanningsavdelinga.

Avtalen omfattar både utdanning og forskning.

Nyleg var sju dekanar frå University of Alberta på besøk ved UiB, der avtalen vart signert. Dei første studentane frå UiB vil truleg reise til universitetet i byen Edmonton – den nordlegaste i landet - neste år.

Ifølgje Høibo er Canada det landet utanfor Europa som UiB sender flest studentar til.

University of Alberta er med sine 33 000 studentar det nest største i Canada.

Powered by Labrador CMS